Saka ligg alt i Kontrollkomiteen på Stortinget. Nederlaget for staten vil utan vidare gjere saka verre og meir alvorleg for forsvarsministeren. Avgjerda svir ekstra ettersom det er yttarst sjeldan at staten taper ei slik sak i tingretten.

Sterkt misvisande frå Devold

Det synast nå innlysande at forsvarsministeren må ha gjeve sterkt misvisande opplysningar til Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet) om saka. Det skjedde ved at ho hevda at to av dei heilt sentrale vitna i saka hadde trekt tilbake forklaringane sine. Dette var feil, noko som seinare vart stadfesta av dei to vitna. Dei hadde vore sjefar for mannen som fekk avskil, og gjekk begge god for han både overfor Forsvarsdepartementet og seinare i retten.

Usakleg og ugyldig

Retten slår fast at vedtaket om avskil er usakleg og ugyldig. Retten har også forkasta staten sitt krav om at mannen må fråtre. I tillegg har mannen fått 50.000 kroner i oppreising forutan dekte sakskostnadar på 212.864 kroner.

Saka handlar om ein avdelingsdirektør i Forsvarets Overkommando som først vart fråteken tryggingsklareringa si, og så fekk avskil av di han ikkje lenger fylte vilkåra for å ha stillinga. I 12 år, inntil saka vart reist, hadde han den høgste Nato-klareringa, Cosmic Top Secret. Argumenta som vart brukt mot han, var formelle brot på reglane for behandling av graderte dokument. Men fleire kjelder hevdar overfor Bergens Tidende at dette berre var påskot for å bli kvitt ein mann som var for kritisk.

«Svært alvorleg»

Fleire medlemer av Kontrollkomiteen på Stortinget har overfor Bergens Tidende gjeve uttrykk for at dei ser svært alvorleg på saka. Utsegnene kom før den samrøystes dommen frå Oslo tingrett i går. Bergens Tidende skreiv om saka for fire veker sidan etter at EOS-utvalet for andre gong hadde behandla og innrapportert saka til Stortinget. Det er i seg sjølv eit særsyn.

I denne saka har både tidlegare forsvarsminister Bjørn Tore Godal (A) og Kristin Krohn Devold gjeve urette opplysningar til Stortinget eller Stortinget sine kontrollorgan.

— Glad for resultatet

— Eg er sjølvsagt glad for resultatet ved at retten har slege fast at Forsvarsdepartementet har gjort noko dei ikkje hadde lov til. Men skaden og belastninga for meg har vore veldig stor både økonomisk og menneskeleg. Eg har også fått kraftig redusert økonomisk bereevne, seier den tidlegare avdelingsdirektøren til Bergens Tidende.

— Det er nå viktig for meg at søkjelyset blir retta mot dei prinsipielle sidene ved saka. Eg er veldig glad for at Kontrollkomiteen på Stortinget nå vil ta opp saka. Eg er spent på å sjå om kontrollova fungerer, seier mannen.

MÅ SVARE FOR SEG: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold vil måtte svare for seg for feilopplysningar til Stortinget sitt kontrollorgan. Forholdet blir meir alvorleg etter ein knusande dom i Oslo tingrett i går.
FOTO: SCANPIX