Styreleiar Clara Øberg legg ikkje skjul på at Helse Førde er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon, og at større kutt må til.

— Vi har utfordringar på 20 millionar kroner. Det som er klart er at vi må vurdere alle alternativ vi har, seier Øberg til Bergens Tidende.

På styremøtet i Helse Førde 31. mai skal det avgjerast kvar nedskjeringane kjem. Omlegging, nedlegging eller kutt i drifta ved det berre to år gamle sjukehuset i Florø er eitt av fleire alternativ som er diskutert, stadfestar Øberg.

I følgje NRK Sogn og Fjordane vil det på same styremøte også kome framlegg om å redusere fødetilbodet i Lærdal ved å gjere den forsterka fødestova om til ei vanleg fødestove.

I tillegg kan det også bli aktuelt å utsetje oppstarten av eit behandlingstilbod for ruspasientar ved sjukehuset på Nordfjordeid. Sogn og Fjordane er i dag det einaste fylket i landet som ikkje har akutt-tilbod for ruspasientar.

Ved å skinleggje nærsjukehuset i Florø kan ein åleine spare 18 millionar kroner i året, i følgje NRK.

Nærsjukehuset i Florø er eit pilotprosjekt oppretta av dåverande helseminister Dagfinn Høybråten, og var tenkt å vere eit utstillingsvindauge for andre sjukehus i landet. Men sidan oppstarten for to år sidan har sjukehuset hatt store vanskar med finansieringa.

Sjukehuset skal mellom anna ta seg av rehabilitering av kronisk sjuke.

— Eg kjenner ikkje til at det er aktuelt å legge ned lokalsjukehuset i Florø. Det er ikkje ei tilråding frå oss i alle fall, seier Aud Viken, direktør ved Klinikk for rehabilitering og kronisk sjukdom i Helse Førde. Nærsjukehuset i Florø er organisert i denne klinikken.