– Det er idretten som tar dei store sponsorpengane. Men kulturlivet har sannsynlegvis meir å gje tilbake til bedriftene, det trur eg ikkje næringslivet heilt har forstått, sa direktør Elizabeth Bjørn-Hansen i Forum for Kultur og Næringsliv på Vestlandskonferansen i går.

Idretten får sponsormidlar frå dobbelt så mange bedrifter som kulturlivet. Også humanitære organisasjonar kan oftare gle seg over sponsing enn kulturen.

Amatørar og musikk

Bjørn-Hansen kunne i går visa til ei fersk undersøking som slår fast at næringslivet sponsar kulturlivet meir og meir, først og fremst amatørar og helst musikk. Næringslivet er og innstilt på vidare vekst på området.

Bedriftene ser i aukande grad at eit godt kulturtilbod er viktig for lokalmiljøet og regionen, for tilsette sin trivsel og for rekrutteringa av medarbeidarar.

Blant 637 norske bedrifter som er spurte, svarar 64 prosent at dei sponsar idrett, 33 prosent sponsar kultur. 59 prosent sponsar humanitære organisasjonar.

Sponsorundersøkinga er gjort i oktober for Vestlandskonferansen, ei årleg samling i regi av Sparebanken Vest og avisene Sunnmørsposten, Firda, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad.

– Bryr seg

– Undersøkinga viser at næringslivet bryr seg om kulturlivet, ut over det å bruka det som eit marknadsføringsverktøy for seg sjølv. At styrking av nærmiljøet blir oppgitt som eit viktig motiv for å sponsa, viser i tillegg at næringslivet ikkje er så kynisk som mange trur, seier Elizabeth Bjørn-Hansen.

Direktøren i Forum for Kultur og Næringsliv meiner òg at det er tilbakevist at operaen i Oslo ikkje er eit flaggskip for næringslivssponsing i Noreg. Blant bedrifter i Nord-Noreg, Midt-Noreg og på Vestlandet er det større sponsordeltaking enn på Austlandet.

Elizabeth Bjørn-Hansen trur sponsing av kulturminne vil ta seg opp. Ho ser også føre seg ei utvikling der næringslivet i sterkare grad ønskjer å dra nytte av kulturlivet til kompetanseheving.

SPONSEVRIDING: Elizabeth Bjørn-Hansen i Forum for Kultur og Næringsliv ser teikn til større sponsormidlar til kulturlivet, sjølv om idretten enno stikk av med det meste. FOTO: VESTLANDSKONFERANSEN