Hundre bergenskvinner med hyppig blærekatarr har delteke i eit forskingsprosjekt som vekkjer internasjonal oppsikt: Dette er den første studien som dokumenterer at akupunktur kan førebyggje blærekatarr.

Forskingsarbeidet er utført av stipendiat Terje Alræk og professor Anders Bærheim, begge på Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen. Resultatet er publisert i The American Journal of Public Health.

— Blærekatarr er ein «enkel» sjukdom, men svært plagsomt for dei det gjeld, fortel Alræk til BT.

— Forbruket av antibiotika er stort hos kvinner med hyppige plager, og kan føre til resistente bakterier. Å redusere bruken av antibiotika er svært viktig.

«Som å pisse piggtråd»

Halvparten av alle norske kvinner får blærekatarr ein eller annan gong i livet. Hyppige toalettbesøk og svie er typiske symptom, og smertene kan vere store.

«Som å pisse piggtråd» er orda ein pasient har brukt for å beskrive plagene ved akutt urinvegsinfeksjon.

Kvinnene i studien hadde blærekatarr tre eller fleire gonger i året. Nær sytti fekk åtte behandlingar med akupunktur, mens dei andre ikkje fekk behandling i det heile.

Resultatet viser at tre av fire kvinner som fekk akupunktur, var infeksjonsfrie dei neste seks månadane. I den andre gruppa var vel halvparten friske det komande halvåret.

— Denne forskjellen er signifikant, seier Alræk til BT.

— Korleis kan ein forklare forskjellen?

— Hos kvinner med hyppig blærekatarr fann vi at det ofte er resturin i blæra. Resturin kan vere ein av årsakene til at det utviklar seg urinvegsinfeksjon, forklarar Alræk.

— Ved akupunkturbehandling viser det seg at denne mengda blir halvert, og det kan forklare noko av den førebyggjande effekten.

Alternativ til antibiotika

Seks prosent av norske kvinner slit med meir enn tre infeksjonar i året. I denne gruppa er det stadig fleire som ønskjer alternativ behandling til antibiotika.

— Derfor er det viktig å dokumentere at akupunktur har effekt, seier Alræk.

— Men betyr dette at kvinner med blærekatarr heller bør bestille time hos akupunktør enn fastlege?

— Nei, det gjer det ikkje. Men for kvinner med tre eller fleire infeksjonar i året, kan akupunktur vere eit godt alternativ til antibiotika.