— Vi trur høgfartstog vil gje stor vekst i trafikken på strekninga Bergen-Oslo, og at drifta for togselskapet vert lønsam. Det er då sjølvsagt viktig å få til ruteopplegg som gjer at ein får utnytta godt den kapasiteten som vert sett inn på strekninga, seier visekonsernsjef og leiar for NSB Persontog, Rolf Roverud.

Tyske jernbaneekspertar la i november fram førebels konklusjonar for eit framtidig nett av høgfartsbaner i Noreg. Ekspertane la til grunn ei maksimal reisetid på tre timar. Det ville gje toget 5.500 passasjerar dagleg mellom Bergen og Oslo, meinte dei. Det er over 2 millionar passasjerar i året, om lag ei tredobling av dagens trafikk.

Eiga bane for lyntoget

Om vi tenkjer oss ti tog kvar dag, kvar veg mellom dei to byane, vert det i snitt over 250 passasjerar i kvart tog.

— Eg er trygg på at vi vil koma på plussida med dette. Det er marknadsgrunnlag for høgfartstog, seier Roverud.

Han ønskjer ikkje på dette tidspunktet å gå nærare inn på noko talmateriale, som til dømes billettprisar på lyntoget.

— Men vi har gjort grove overslag, og kjenner oss trygge på at toget vil konkurrera godt med flyet.

Konsernsjef Einar Enger deler også dette synet. Men på eitt viktig vilkår:

— Høgfartstoget må få si eiga bane utanom dagens trasé på Bergensbanen.

— Til dømes traséen om Kongsberg til Geilo, som er teikna opp i Høgre sin høgfartsring?

— Vi tek ikkje stilling til nokon av dei forslaga som er framme no. No er vi i utgreiingsfasen, og då er vi mest av alt interesserte i at alle forslag vert utgreidde på ein skikkeleg måte. Det gjeld både Høgfartsringen, Haukelibana og andre alternativ. Vi må få leggja til at vi synest det er flott at det no er så mange initiativ, også politiske, for å fremja tanken om høgfartsbane, seier Enger.

Slutt for persontoga?

— Korleis ser NSB framtida til Bergensbanen dersom politikarane til slutt seier nei til høgfartstog?

— Det er ingen tvil om at Bergensbanen krev store investeringar dersom passasjertrafikken skal overleva utan høgfartstog. Elles vil persontoga halda fram med å tapa marknadsdelar og verta ulønsame. Det kan enda med at persontoga må vika plassen for den lønsame godstrafikken. Betre standard på einskilde strekningar, nye kryssingsspor og omlegging av traséen, som til dømes Ringeriksbana, kan gje oss litt vekst, men ikkje på langt nær det same som høgfartstog, seier Rolf Roverud.

Dei siste åra har godstransporten på Bergensbanen teke seg kraftig opp. Særleg etter at tunnelane fekk utvida profil, slik at toga kunne frakta semitrailerar. Godstransporten er i jamn auke, og i NSB ser dei føre seg at persontoga og godstoga på sikt kan koma i vegen for kvarandre.

— Godstransporten på Bergensbanen er lønsam og svært viktig for miljøet. Med høgfartsbane på eigen trasé vil dagens spor gje plass til auka godstransport over fjellet, seier Roverud.

Håvard Bjelland