Gløym alt du har høyrt om lønsam Bergensbane. No har NSB funne ut at ingen fjerntog har vore lønsame, og blir det neppe sjølv med alle tog fulle.

Dei sørgjelege fakta kom for dagen då NSB måtte ta ein gjennomgang av eigenkapitalen sin.

— I realiteten har vi skyve underskot framfor oss i årevis, seier Arne Wam til Bergens Tidende. Han er NSB-direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Noverande NSB-styre vil ikkje ta vidare ansvar for underskotsdrift, og stilte 5. juni i år ultimatum overfor Staten: 100 millionar kroner årleg i nattogsubsidiar, elles vert nattoga innstilte frå 5. januar.

På eit møte hjå Hordaland fylkeskommune i går, antyda Arne Fosen, NSB-direktør for persontogforretning, at minst same beløpet trengst for å få fjerntoga på dagtid økonomisk på skinnene. Men her har NSB førebels ikkje stilt krav, korkje beløp eller tidsfrist.

Arne Wam og hans NSB-delegasjon hadde ingen vanskar med å samla støtte blant fylkespolitikarane for å oppretthalda togtilbodet.

— Vi kjem ikkje til å finna oss i at fjerntogfrekvensen går ned, eller at nattoget på Bergensbanen blir borte, seier fylkesordførar Gisle Handeland.

Det var han som hadde kalla NSB inn på teppet for å finna ut kva som eigentleg ligg bak selskapet sine utspel den siste tida. Arne Wam var stolt over å ha fått saka (krav om subsidiar) på dagsorden «på ein positiv måte». Valkampen gjer tidspunktet gunstig. Han avviste likevel at NSB berre var ute etter eit sugerør inn i statskassa.

— Vi har også gjennomført omfattande kostnadssparande tiltak, presiserte han.

NSB har i fleire tiår hatt som strategi å tevla med flytrafikken utan å lykkast. Utretting av lina, og innkjøp av krengjande tog, har ikkje redusert køyretida. Sjølv NSB-toppane valde altså å ta fly til Bergen.

— På tide å legga om strategien til fordel for dei som stig av og/eller på undervegs, og vil ha med ski eller syklar?

— For Bergensbanen er det svært aktuelt. Her er det no berre 20 prosent som køyrer heile strekninga mellom Bergen og Oslo, seier fjerntogsjef Torry Kristiansen til Bergens Tidende.

Lyspunktet i situasjonen er lokaltrafikken mellom Bergen og Arna. Den held seg på eit høgt nivå, fortel regionsjef Marit Petersen.