— Problemet er størst i jule- og påsketrafikken. Folk spanderer gladeleg 30 kroner på ein plassbillett for å sikra seg transport, seier informasjonssjef Arvid Bårdstu.

Oppteljinga av 1100 ledige togsete i fjerntoga skjedde «3. påskedag» for eit par år sidan. Dei som hadde kjøpt plassane hadde sannsynlegvis også plass på eit tidlegare tog, eller reiste heim frå påskeferie med fly, båt eller bil, gjerne dagen før.

— NSB tapte ein halv million kroner i billettinntekter denne dagen. Andre passasjerar vert avviste fordi vi med god grunn trur at toget er fullt. På årsbasis snakkar vi om mange millionar kroner i tap, seier Bårdstu.

Han er også oppteken av at selskapet taper goodwill blant passasjerane. Mange er unødig blitt avviste. Andre har betalt ekstra og sikra seg ein billett på første klasse. Når dei kjem om bord, ser dei at det er plassar ledige til ordinær pris, og kjenner seg snytt.

— Vi får bukt med problemet når vi frå i sommar innfører nytt datasystem, trur informasjonssjefen.

Når billett- og bookingsystemet LISA avløyser BRIS vil det ikkje lenger bli selt separate plassbillettar. Plassreserveringa blir integrert i reisebilletten.

— Nei, tungvint vil eg ikkje

seia, men det blir ikkje så lett- Då blir det skikkeleg tungvint å reisa med eit anna tog enn det du først hadde tenkt?vint lenger å legga beslag på sete ein ikkje brukar. Det blir sett opp reglar for korleis billettar kan endrast, seier Bårdstu til Bergens Tidende.

BETRE TIL SOMMAREN: NSB taper pengar på at folk kjøper plassbillettar utan å bruke dei. - Vi får bukt med problemet når vi frå i sommar innfører nytt datasystem, trur informasjonssjef Arvid Bårdstu .
ARKIVFOTO: HELGE SUNDE