VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.noOslo

Den drivande krafta bak oppseiinga av kontrakten er den nye tekniske direktøren i Flytoget, Terje Bulling.

Han forklarar overfor Bergens Tidende oppseiinga med "pris og ynskje om å unngå at kontrolløren sit i ei dobbeltrolle".

Han opplyser at Flytoget har halvert kontraktsprisen ved å inngå kontrakt med ny leverandør. Etter den nye kontrakten vil Flytoget betale 15-18 millionar kroner i året. Både flytoget og Signatur blir no kontrollert ein gong i veka.

"Lyn frå klår himmel" — Meldinga om at kontrakten er oppsagt kom som lyn frå klår himmel, seier informasjonssjef Per Viggo Richardsen i Det Norske Veritas.

NSB og Flytoget har ikkje gjort forsøk på å reforhandle kontraktssummen med Veritas.

NSB skreiv kontrakt med Veritas om å utføre kontroll av Flytoget og Signatur-toget med verknad frå 1. desember i fjor. Kontrakten skulle vare ut 2003.

Bakgrunnen for inspeksjonsprogrammet var dei mange sprekkar og problem som vart avdekka etter at eit Signatur-tog spora av og havarerte ved Nelaug stasjon i juni i fjor.

Oppseiing utan forklaring - Brevet frå NSB inneheldt inga forklaring. Vi hadde ikkje høyrt eit ord på førehand korkje om at dette var i emning eller at det var nokon som helst misnøye med arbeidet vi har utførd, seier Richardsen.

Informasjonssjef Arve Bårdstu i NSB viser til Bulling, når vi spør om bakgrunnen for at kontrakten er sagt opp.

— Vi ynskjer eit klart skille. Vi ynskjer ikkje å ha Veritas i ei dobbeltrolle, dels som instans som utfører kontroll, dels som organ som fastset kor ofte kontrollane skal utførast, seier Bulling