Oslo

Advokat Bjørn Audun Agersborg i NRK framhevar sterkt overfor Bergens Tidende at omtalen på dagbladet.no viser at filmen til Borgen «er svært dårleg».

— Det er også ein klar dokumentasjon på at det var rett av NRK å ikkje vise filmen, seier han.

  • Kan det tenkjast at NRK likevel vil endre standpunkt og vise filmen?

— Det er ingen ting som tyder på at det er aktuelt med noka revurdering. Standpunkt om ikkje å sende filmen står fast, seier Agersborg.

Heile leiinga i TV 2, som har sett filmen, meiner derimot at filmen er verdifull og vil sende han, med små endringar.

I går orienterte kringkastingssjef John G. Bernander, styret i NRK om saka som gjeld nektinga av å vise Erling Borgen sin film «Et lite stykke Norge».

Raljerer over Borgen

I omtalen, under tittelen «Et lite stykke mislykket Norge» skriv Dagbladet-journalisten at Borgen «har meldt seg på kryssklippings-VM, med særlig fokus på istykkerbombede barn og Hellfire-missiler. Sjølv tek Dagbladet nå eit kraftig oppgjer med omtalen, som vart lagt ut på nettet laurdag. Bergens Tidende er kjent med at omtalen har vekt sterke reaksjonar internt i Dagbladet fordi den bryt kraftig med Dagbladet sine politiske grunnhaldningar.

— Det er ting i den omtalen som ikkje er i samsvar med Dagbladet sine grunnhaldningar, stadfester Lars Helle som er konstituert ansvarleg redaktør i Dagbladet.

Til utlandet

Advokat Agersborg i NRK handterer spørsmålet om frigjeving av filmen slik at Borgen kan selje og få vist filmen på TV 2. NRK har førebels ikkje svart på om Borgen kan få selje filmen til TV 2, opplyser Agersborg og Borgen sin advokat, Eirik Djønne, til Bergens Tidende.

Borgen opplyser til Bergens Tidende at han nå er blitt kontakta av dansk TV 2 som også ønskjer å vise filmen, under mottoet «Sjå filmen som den norske kringkastingssjefen ikkje tør vise». Selskapet skal også vere interessert i å distribuere filmen til andre land