Saka skal opp på AU-møte i Trondheim tysdag 14. september. Her må Ulltveit-Moe forklare seg. Så blir det opp til AU å ta stilling til korleis det vil fylgje opp vidare, opplyser Erik Lundeby til Bergens Tidende. han er etikk-kontakt i NHO.

Samstundes har leiaren for etikkutvalet i NHO, Terje Venold, måtta trekkje seg, fordi selskapet han leier, Veidekke ASA, er under etterforsking i to svære saker som gjeld ulovleg prissamarbeid.

Veidekke er meldt til Økokrim av Konkurransetilsynet. Den eine saka gjeld asfaltentreprenørar, den andre byggentreprenørar som skal ha samarbeidd om prisar og marknadsdeling.

— Vi arbeider nå med tre store kartellsaker. Veidekke inngår i to av dei, opplyser førstestatsadvokat Morten Eriksen i Økokrim til Bergens Tidende.

«Luktar vondt»

Avisa Verdens Gang fortalde i går at Umoe Schat-Harding, eit dotterselskap i Umoe-gruppen, sjølv meiner å ha betalt drygt 1,2 millionar kroner i «returprovisjon» i samband med ein kontrakt med eit selskap i Iran.

NHO-president Jens Ulltveit-Moe vedgår sjølv at «det luktar vond» av denne transaksjonen. Han er for tida på reise i fylgje med kongeparet i Brasil.

Ulltveit-Moe kom sjølv i søkjelyset etter at han signaliserte forståing for at Statoil-sjef Olav Fjell fekk «full tillit» og at reglar for korrupsjon ikkje kunne handhevast like strengt ute som i Noreg.

«Svært skuffa»

— Dette er yttarst kjedeleg. Og eg er skuffa over at det igjen dukkar opp saker i media som tyder på at det er klare manglar ved etikken, om det ikkje er direkte straffbart, seier Leif Frode Onarheim til Bergens Tidende. Han er også svært skuffa over Statoil-saka, men framhevar at internkontrollen der fungerte. Han reagerer også kraftig mot prissamarbeid som er direkte ulovleg.

Onarheim, som tidlegare var president i NHO, har i ei årrekkje mana til å heve den etiske standarden i næringslivet. Onarheim sit nå på Stortinget som representant for Høgre.

— Eg er glad for at regelverket er blitt strengare og at kontrollapparatet vårt er blitt betre, seier Onarheim. Han meiner at norske bedrifter heller får avstå frå handel ute, enn å involvere seg i korrupsjon.

«Blitt verre»

Advokat Jens Kristian Thune har vore bustyrar i ei rad store konkurssaker, mellom dei Reksten-bua. Han har sett mykje og mangt av korleis næringslivet opererer.

— Eg har ofte reagert på det eg har sett. Om det ikkje er direkte korrupsjon, så har det ofte vore direkte uetiske handlingar. Ofte er det snakk om brot på grunnleggjande habilitetsreglar. Mi oppfatning er at forholda ikkje har blitt betre, heller tvert om, seier Thune til Bergens Tidende.

Thune meiner at vi er altfor lite strenge når det gjeld habilitet.

— Det er grunnleggjande viktig at alle som sit i posisjon, stiller seg spørsmålet om handlingane er etisk forsvarlege. Er ikkje svaret ja, får ein heller avstå. Effekten av å sette dei etiske prinsippa til, er svært negativ, seier Thune.

Han nemner som døme at advokatar med styreoppdrag tildeler seg sjølv eller eige firma, advokatoppdrag for selskapet ein har tillitsverv i.

- Tru ikkje nok. Bøn må til

Onarheim erklærer seg heilt samd med Thune i at aktørane må stille seg spørsmålet om handlingane er etisk forsvarlege.

— Her nyttar det ikkje berre å tru, ein må be også. Dette er ein kontinuerleg prosess, og det er ein lang veg å gå. Dette er ein viktig del av styreansvaret. Eg hadde vona at dei etiske spørsmåla hadde blitt teke like alvorleg som HMS- spørsmåla (helse, miljø, sikkerhet) og kva som kjem ut på botnlina i rekneskapa. Slik er det diverre ikkje, seier Onarheim.

Nøstar opp

Konserndirektør Erlend Grimstad i Umoe, opplyser til Bergens Tidende at konsernet nå freistar å nøste opp kva som har skjedd i saka om «returkommisjon» til selskapet i Iran. Det gjeld tilbakebetaling av 175.000 dollar til kjøparen av ni livbåtar i 1997. Kontrakten var på 975.000 dollar. Tilbakebetalinga skulle vere prisavslag som fylgje av transportskadar og forseinka levering.

Fleire av dei som kan gje svar, er på reise. Dei som førde forhandlingar om prisavslaget hadde ifølgje Grimstad «ei nagande kjensle» av at ikkje alle pengane gjekk rett veg.

Laurdag uttala Ulltveit-Moe til NRK at han «verkeleg har følt på kroppen hvor skummelt, farlig, ja skal jeg si ekkelt, korrupsjon er.»

Han fekk ikkje spørsmål og utdjupa ikkje kva som låg i dette.

Grimstad seier at han Ulltveit-Moe sjølv må forklare kva som låg i formuleringane. Grimstad kan avgje garantiar for at konsernet ikkje har liknande saker, som den som nå står i fokus.