— Så stort omfang dette kjøpet av tenester ser ut til å ha, kan det ikkje vere tvil om at avtalen skulle vore handtert etter lov om offentlege innkjøp, seier advokat Arnhild Dordi Gjønnes i Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO). Ho har ansvaret for dette feltet i organisasjonen, og leiar ei arbeidsgruppe for offentlege innkjøp i det europeiske NHO.

Lova har som mål sikre så effektiv ressursbruk som råd ved offentlege innkjøp. Dessutan er det eit føremål å sikre lik handsaming av tilbydarar av varer og tenester. Dette skal skje ved at det blir gjennomført konkurransar om innkjøp til det offentlege.

— Slik eg ser det, er avtalen Helse Vest har gjort med Paragona eit klassisk eksempel på brot på lova. Det er gjort ei bevisst handling for å skaffe seg denne tenesta, seier Gjønnes.

Helse Vest forklarer den manglande anbodsutlysinga med at Paragona var einaste selskapet som kunne levere rekrutteringspakken dei var ute etter. Dersom saka blir klaga inn for Klagenemnda for offentlege anskaffelser (KOFA), kviler det på Helse Vest å føre bevis for at det berre fanst dette eine alternativet. Fleire ekspertar på offentlege innkjøp Bergens Tidende har vore i kontakt, meiner det vil bli svært vanskeleg for regionhelseføretaket i Stavanger. Få trur det vil vere råd å føre bevis for at Paragona er det einaste selskapet som kunne levert det Helse Vest var ute etter.

I verste fall kan Helse Vest bli ilagt eit gebyr som svarar til 15 prosent av totalverdien av avtalen.

Helseføretaket risikerer ikkje å måtte gje avkall på legane dei har rekruttert. Og dei står heller ikkje i fare for å få erstatningssøksmål frå andre. Årsaka er at ingen konkurrentar av Paragona kan hevde økonomisk tap, sidan dei verken har visst om eller vore med i nokon konkurranse.

Men her er det endringar på gang. Eit nytt EU-direktiv er på trappene, og målet er at dette skal innførast innan utgangen av 2009. Hovudinnhaldet her er at styremaktene kan krevje at kontraktar som er inngått på ulovleg vis, skal annullerast.

— Hadde ein slik avtale blitt funnen ulovleg etter 2009, ville Helse Vest blitt nøydde til å leggje vekk Paragonakontrakten og lyst den ut offentleg, meiner Anne Dordi Gjønnes.