I Norsk Respons si måling for BT er no 30 prosent usikre på kva dei vil stemme.

BT følgjer ti tvilarar gjennom valkampen, og no to veker før valet har to av dei bestemt seg, for Ap og/eller SV.

Fleire har likevel blitt meir i tvil i løpet av valkampen. Som Lars Ekeland seier: «Det er for mykje sirkus».

Namn: Lars Ekeland (70)

Tidlegare stemt : Sist gang var det KrF.

Har du blitt meir eller mindre i tvil i løpet av valkampen?

Eg blir berre meir og meir i tvil. Det er for lite politikk og for mykje fokus på Bondevik og dei andre politikarane.

Kva synest du om valkampen så langt?

Det er mykje sirkus. Eg har høyrt på debattar i radio, på tv og les aviser, men blir ikkje så mykje klokare. Men Aslaug Haga merkar seg ut. Ho har ein klar bodskap og rakkar ikkje ned på andre. Det er bra.

Kva må du ha svar på for å kunne b e stemme deg?

Eg skal bruke dei siste fjorten dagane godt. Men eg trur ikkje eg kjem til å stemme KrF igjen. Dei er for opptekne av å gi dei rikaste skattelette.

Kva parti har gjort best inntrykk til no?

Senterpartiet.

Namn: Elin Knutsen (62)

Tidlegare stemt:

Litt av kvart, både til høgre og venstre.

Har du blitt meir eller mindre i tvil i løpet av valkampen?

Eg nærmar meg, og trur eg veit kva parti eg vil stemme på. Men eg vil ikkje seie det enno, heilt sikker er eg nemleg ikkje.

Kva synest du om valkampen så langt?

For å seie det rett ut, så har det blitt litt mykje show. Og så er det for mange valprogram på tv.

Kva må du ha svar på for å kunne b e stemme deg?

Eg synest konstellasjonane er vanskelege, og lurer på kor mykje hestehandel det blir mellom partia. Det er framleis ein del kinkige spørsmål politikarane må svare på.

Kva parti har gjort best inntrykk til no?

Det er ikkje så lett å svare på. Men Kristin Clemet (H) imponerte på NRK-folkemøtet tysdag, i motsetnad til spradebassen Trond Giske (Ap).

Namn: Harald Sælen (50)

Tidlegare stemt: Sosialistisk.

Har du blitt meir eller mindre i tvil i løpet av valkampen?

Eg har ikkje blitt noko mindre i tvil.

Kva synest du om valkampen så langt?

Det er vel mest hakking på kven som skal bruke mest og minst pengar, og mykje skuldingar mot kvarandre.

Kva må du ha svar på for å kunne b e stemme deg?

Det er vel slike ting som er tatt opp tidlegare — skule, utdanning og ungdom i etableringsfasen.

Kva parti har gjort best inntrykk til no?

Ja sei det. Eg er nesten like usikker på det som noko anna.

Namn: Margaret Simonsen (81)

Tidlegare stemt: Høgre

Har du blitt meir eller mindre i tvil i løpet av valkampen?

Eg er enno meir i tvil no enn tidlegare. Eg synest ikkje politikarane fortel godt nok kva dei vil etter valet.

Kva synest du om valkampen så langt?

Eg har ikkje følgt så godt med på tv, fordi debattane byrjar så seint på kvelden. Men eg les aviser, då.

Kva må du ha svar på for å kunne b e stemme deg?

Eg kjem ikkje på nokon spesielle saker.

Kva parti har gjort best inntrykk til no?

Alt er temmeleg likt, Dei lovar gode ting alle, men så held dei det ikkje. Det har eg opplevd før.

Namn: Wenche Beeder (46)

Tidlegare stemt: Venstresida.

Har du blitt meir eller mindre i tvil i løpet av valkampen?

Eg har blitt mindre i tvil. Eg har bestemt meg, og vil stemme Ap. Eg har følgt med på valsendingar på tv og fått tilsendt informasjon frå partiet.

Kva synest du om valkampen så langt?

Det har vel vore som vanleg, med litt mykje personangrep og fokus på enkeltsaker.

Kva må du ha svar på for å kunne b e stemme deg?

Sosialpolitikken og skulepolitikken til Ap gjorde at eg bestemte meg for dei.

Kva parti har gjort best inntrykk til no?

Det er Ap. Dei verkar mest gjennomtenkte og realistiske.

Namn: Erlend Kristiansen (44)

Tidlegare stemt: Høgre og Ap.

Har du blitt meir eller mindre i tvil i løpet av valkampen?

Eg har byrja å bestemme meg, men har ikkje gjort meg opp ei endeleg meining enno.

Kva synest du om valkampen så langt?

Tja, eg har ikkje følgt så godt med på tv, men det er vel mykje som det pleier? Eg synest det blir for mykje terningkast, og mykje fokus på enkeltsaker og enkeltpersonar.

Kva må du ha svar på for å kunne b e stemme deg?

Eg må vel berre sortere tankane, trur eg.

Kva parti har gjort best inntrykk til no?

Det kan eg ikkje svare på, ingen spesielle har utmerkt seg.