– For meg er noko av det viktigaste å få fram meir nynorsk der ungdomar kan sjå han. Til dømes rikspressa, teksting på kinoar og i ungdomsblada, seier Myking i ein kommentar.

Ho trekk også fram at nynorsken enno ikkje er reelt jamstilt med bokmålet, og at mange nynorskelevar møter eit stort press frå lærarar og elevar for å byta til bokmål.

Med seg i styret får Myking Hans-Petter Strøm de Fine frå Bergen, Ola Haugen Havrevoll frå Suldal og heile fire som har skifta frå bokmål til nynorsk: Ingebjørg Før Gjermundsen frå Os i Østerdalen, Morten Elster og Jens Kihl frå Oslo og Margit Ims frå Re i Vestfold.