I løpet av få dagar vil advokat Brynjar Meling på vegner av mulla Krekar ta ut stemning mot staten for å få retten til å kjenne utvisingsvedtaket ugyldig.

I 16 månadar har advokat Meling, venta på å få innsyn i dokumenta i saka. Purringar har ikkje hjelpt. Nå er han lei av å vente.

— Under all kritikk

— Saksbehandlinga i denne saka er under all kritikk. Eg har ikkje eingong motteke eit brev som stadfester at Utlendingsdirektoratet har motteke brevet mitt der eg kravde dokumentinnsyn. Difor klaga eg for fem veker sidan til Kommunaldepartementet over saksbehandlinga, seier Meling til Bergens Tidende.

Klagesaka reiser interessante prinsipielle spørsmål: Kan klagen over utvisningsvedtaket behandlast på normal måte når vedtaket om utvising har skjedd etter instruks frå statsråden som også har ansvaret for klagebehandlinga? Er kort og godt statsråden, og dermed dei underliggande etatane habile?

- Tek seg dårleg ut

— Det tek seg dårleg ut og er klart uheldig med ein slik konstellasjon. Når statsråden har brukt instruksjonsretten sin, inneber det at statsråden har teke standpunkt til spørsmål som også vil vere tema for klagesaka, seier professor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende.

Bernt meiner det kan vere ein parallell mellom denne saka og Norman-saka, der tidlegare statsråd Victor D. Norman måtte vike sete i saka om fusjon mellom SAS og Braathens. Grunnen var at han hadde uttala seg bastant imot ein slik fusjon.

Sjølv meiner Bernt at Norman strengt teke ikkje var ugild, men vedgår at spørsmålet kan diskuterast. Og i alle fall måtte Norman vike sete.

Advokat Pål W. Lorentzen som leier rettssikkerhetsutvalget i Advokatforeningen, finn også situasjonen alt anna enn heldig.

Avviser

Statsråd Erna Solberg avviser overfor Bergens Tidende at ho er ugild.

— Her må professoren lese lova. Dette gjeld rikets tryggleik og då er det tillagt statsråden eller Kongen i statsråd å kunne instruere. Vi har også fått ei juridisk vurdering frå Lovavdelinga i Justisdepartementet som støttar opp om dette, seier Solberg.

Solberg skil også bestemt mellom vedtak om utvising og effektuering av vedtaket. Samstundes seier ho at ho først for få dagar sidan vart klar over at Meling ikkje hadde fått dokumentinnsyn. Ho forsikrar at Meling nå skal få innsyn i saksdokumenta.

Lovavdelinga i Justisdepartementet har laga ei juridisk vurdering av fleire forhold i saka. Den nektar Kommunaldepartementet å gje Bergens Tidende innsyn i sjølv om Lovavdelinga ikkje har noko imot å gje innsyn.

— Desse opplysningane er heilt nye for meg. Eg har fleire gongar reist habilitetsspørsmålet overfor UDI og departementet, men har ingenting høyrt. Magekjensla mi forsterkar etter dette inntrykket av kokelimonke, seier Meling.

Professor Eivind Smith ved Universitetet i Oslo er også svært kritisk til saksbehandlinga.

- Svært ugreit

— Det er klart dette er problematisk. Det opprinnelege vedtaket er fatta etter instruks frå statsråden. Det er i seg sjølv uvanleg. Når det er departementet som skal behandle klagen på vedtaket blir dette svært ugreit. Det gjeld særleg i saker som har utprega politisk innhald.

Han meiner spørsmålet om habiliteten til statsråd Erna Solberg i klagesaka, burde klarleggast. Det systemet vi i dag har, er ikkje tilfredsstillande.

— I den konkrete saka har statsråd Solberg både i kraft av instruks og utsegner til media for lenge sidan markert kva ho meiner - at Krekar skal ut. For Noreg som rettsstat er det viktig at også mulla Krekar kan ha tillit til at prosessen er forsvarleg, seier Smith.