— Vi er fullt belagt fram til i november, og det blir ikkje plass til denne saka før då, med mindre det skulle bli bestemt å rydde plass for eit ekstra møte, opplyser May Britt Mannum i Karmøy forliksråd til Bergens Tidende.

- Kort møte

Forliksrådet mottok i går klagen som advokat John Christian Elden har skrive på vegner av kvinna.

Klagen blir nå oversendt til advokat Bjørn O. Vikse, som representerer Jan Birger Medhaug, til uttale.

Vikse opplyser til Bergens Tidende at han også har fått kopi av klagen direkte frå advokat Elden.

Vikse opplyser at han kjem til å møte saman med Medhaug til møtet i forliksrådet.

— Eg reknar med at det blir eit svært kort møte, seier Vikse.

Det inneber at Vikse ikkje ser noko grunnlag for å innfri eller imøtekome dei krava advokat Elden har fremja på vegner av kvinna.

Søksmål?

Spørsmålet er då om Elden på vegner av kvinna, vil reise sak for retten slik at partane møtest der i offentleg flomlys.

— Eg kan overhovudet ikkje sjå at det er noko som helst søksmålsgrunnlag. I tillegg er saka ut frå eitkvart vurderingsgrunnlag i alle fall forelda, seier Vikse.

Både Vikse og Medhaug er opprørt over korleis fylkesleiaren i Rogaland Kristeleg Folkeparti, Kari Austerheim Silde, har agert etter at partane møttest måndag kveld.

Vikse opplyser at eit utkast med punkt til vidare drøfting, av Silde vart framstilt som krav frå Medhaug si side.

«Useriøst»

— Dette skjedde trass i at eg uttrykkeleg presiserte skriftleg at dette ikkje var å oppfatta som krav, seier Vikse. Han meiner framgangsmåten er så useriøs at det er vanskeleg å forhalde seg til ei slik leiing.

Vikse opplyser at han vil ha eit møte med Medhaug i løpet av helga for å oppsummere situasjonen.

Medhaug sjølv seier til Bergens Tidende at han i går fekk ein straum av reaksjonar frå partifeller og tillitsvalde som er sinte og opprørte over den behandlinga han har fått i partiet.

— Alle reaksjonane går i same retning, dei varierer berre i styrke, seier han.

Tysdag morgon reiser han i embets medfør til Frankrike og kjem først tilbake søndag kveld, dagen før valet. Det seier seg difor sjølv at det ikkje blir nokon valkamp for Medhaug.

«Krevjande»

Han har førebels ikkje noko svar på kva forhold han heretter vil ha til partiet. Men han seier det blir «krevjande» om han blir valt inn i KrF si gruppe ved valet måndag 15.

I denne veka er Medhaug fungerande fylkesordførar i Rogaland.

Partileiinga har sagt at dei vil møte Medhaug for å drøfte saka. Men når det eventuelt kan skje, er etter det Bergens Tidende forstår, heilt i det blå.