Den eine saka gjeld destruering av fullt brukbare, til dels heilt nye beltevogner. Den andre gjeld ulovleg våpenkjøp frå Israel. Den tredje gjeld innkjøp av nye kampfly, den fjerde oppseiing av ein avdelingsdirektør i Forsvarets Overkommando.

I denne saka har Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet, retta stadig sterkare kritikk mot departementet.

Kritikken prellar tilsynelatande av på statsråden, for i eit ferskt brev dokumenterer ho at ho ikkje tek kritikken til seg. Forsvarsministeren si haldning og handtering av saka, har vekt stigande misnøye i Stortinget.

— Utfordrar Stortinget

— Ved handlemåten sin utfordrar Forsvarsdepartementet EOS-utvalet og gjennom det også oppdragsgjevaren - Stortinget - på ein heilt uakseptabel måte, seier Frp-formann Carl I. Hagen til Bergens Tidende.

Hagen meiner at departementet demonstrerer at ein ikkje aksepterer kritikken frå EOS-utvalet. Han meiner også at departementet legg for dagen ei haldning om at ein pr. definisjon ikkje gjer feil og ikkje vil gje seg.

Leiaren i Kontrollkomiteen på Stortinget, Ågot Valle (SV), er også krystallklar. Til Bergens Tidende seier ho:

— Dersom vi let dette passere, blir konsekvensen at dei kreftene i Forsvaret og Forsvarsdepartementet som meiner dei ikkje treng ta omsyn til EOS-utvalet, får det som dei vil. Då kan dei halde fram med å neglisjere EOS-utvalet. For meg er det heilt uakseptabelt.

I går vedtok Kontrollkomiteen på Stortinget å krevje å få utlevert ei vurdering som regjeringsadvokaten har gjort av saka etter at departementet leid nederlag i retten. Kravet kom etter at forsvarsministeren i går gjennom Dagsavisen viste til regjeringsadvokaten si vurdering som grunnlag for å anke dommen i saka mot avdelingsdirektøren.

Ap på glid

Statsråden sitt utspel i avisa har resultert i at også Ap-fraksjonen i Kontrollkomiteen nå er på glid i spørsmålet om å reagere overfor statsråden. Hittil har Ap veke tilbake med den grunngjevinga at dei nødig vil gå inn i ei sak som er til behandling i rettsapparatet.

Men fraksjonsleiar for Ap og ordførar for saka i komiteen, Kjell Engebretsen, seier til Bergens Tidende at Stortinget er nøydd til å reagere overfor statsråden si handtering av saka.

Den oppsagte avdelingsdirektøren opplyser til Bergens Tidende at han vurderer å trekkje sakene sine frå retten - og med det gje avkall på millionerstatning - for at Stortinget skal manne seg opp og behandle saka nå.

Feilinformasjon frå Devold

Krohn Devold er tidlegare blitt kritisert for å ha gjeve urette opplysningar til EOS-utvalet om saka.

I Dagsavisen hevdar statsråden at «det var registrert 31 sikkerhetsbrudd på vedkommende». Ho hevdar også at kjernen i saka er spørsmålet om «når man kan frata en ansatt sikkerhetsklareringen». Men ifylgje EOS-utvalet er kjernen i saka derimot graverande brot på grunnleggjande saksbehandlingsreglar i Forsvarsdepartementet.

Generalsekretæren i Norges Forsvarsforening, oberst Arnold Schytte Blix, var i fleire år sjef for den nå oppsagde avdelingsdirektøren. Blix seier dette til Bergens Tidende:

— Det er rett at det var registrert ei viss mengde rapportar om mogelege tryggleiksbrot. Men etter at vi hadde gjennomgått og saksbehandla rapportane, var det ingenting att. Det var ingen brot på tryggingsreglane.

— Eg er forundra over den manglande kvalitetssikringa som Forsvarsdepartementet her demonstrerer, seier Blix.

FÅR KRITIKK: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold er i hardt ver på Stortinget. Og verre kan det bli dei næraste dagane.
FOTO: SCANPIX