Dette skjer etter kravet frå opposisjonspartia som vart framsett tysdag. Orienteringa blir halden ved opninga av stortingsmøtet klokka 10.00. Det inneber at den oppsette dagsordenen blir endra.

Strøm-Erichsen seier at ho vil nytte høvet til å gje Stortinget ei brei orientering.

— Eg ser fram til å gje denne orienteringa om ei viktig og veldig alvorleg sak, seier Strøm-Eriksen.

Statsråden har normalt ein halv time til disposisjon ved slike høve. Det blir deretter høve for kvart av dei sju partia på Stortinget til ein replikk kvar på inntil fem minutt. Deretter vil forsvarsministeren få høve til ein sluttreplikk på fem minutt.

I går vart det kjent at den permitterte sjefen for Forsvarets Sanitet, generalmajor Leif Sverre Rosén, likevel ikkje vil krevje å få jobben sin tilbake når permisjonen hans går ut i juni 2008.

Forsvarsministeren ville i går ikkje kommentere denne utviklinga.

Reaksjonane i det politiske miljøet og i Forsvaret på Rosén si siste avgjerd, er at «dette viser kor sterkt presset mot han har vore og er».