Meiningsmålinga som er utført for lokalavisene Firda, Sogn Avis og Firdaposten gjev Ap, Sp, KrF, SV og Frp kvar sin representant på Stortinget. Høgres Sverre Hoddevik, som i alle målingar før denne tid har vore på sikker plass, er ute. Ap taper også andremandatet dei har hatt i Sogn og Fjordane i ein mannsalder.

Ap er største partiet med 23,8 prosent oppslutnad. Sp får 17,2 prosent, KrF 17,1 , SV 12,7 og Frp 11,9 prosent. Ap er nærast til å vinne eit mandat.

Problemet med målinga er at så få er spurde at det kan vere rom for store feilmarginar. Meiningsmålinga baserer seg på intervju med 499 personar. Kvar femte veljar har enno ikkje bestemt seg for kva dei skal stemme.

I den siste målinga Bergens Tidende presenterte fekk Ap to representantar, KrF, H og Sp kvar sin. Men BT-målinga synte også at kampen om dei to siste mandata er svært jamn.

Bergens Tidende kjem med ei ny meiningsmåling i søndagsavisa, dagen før valet.