— Det er framleis berre sporadiske tilfelle av influensaliknande sjukdom på Vestlandet, melder professor Lars R. Haaheim, leiar for WHO Influensasenteret på Vestlandet.

Minimalt i heile Europa

Så langt i influensasesongen 2001/2002 er det registrert svært låg aktivitet. Andelen legebesøk som skuldast «influensaliknande sjukdom» var i veke 50 på 0,5 prosent for helseregion 3, som omfattar vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Landsgjennomsnittet var 0,6 prosent.

Både i lys av den låge virusfaktoren i Norge, og at det både frå nabolanda og heile Europa blir rapportert om svært få influensautbrot, reknar senteret med at det er liten fare for epidemiar både i jule- og nyttårshelga.

«Vi veit ikkje»

Men sjølv om utsiktene til ei influensafri jul er gode, åtvarar Influensasenteret om sporadiske enkelttilfelle. Slike kan alltid komme. I tillegg er det uråd å spå om influensa.

— Det vil alltid bli influensa, men ingen kan svare på om det blir lite eller mykje, er meldinga frå influensaspesialistane.

— Vår kunnskap om dette stadig tilbakevendande viruset er altfor mangelfull. Det rette svaret på spørsmålet om det blir mykje influensa til vinteren, er difor alltid: «Vi veit ikkje».

Veit meir om epidemiar

Derimot veit forskarane meir om viktige faktorar for ein epidemi. Immuniteten i folket før sesongen tek til er viktig. Kvart land, region og lokalsamfunn har si spesielle erfaring frå tidlegare år med virus som slektar på kvarandre. Graden av flokkimmunitet kan difor variere mykje. Ikkje berre innanfor land, men også innanfor mindre område.

Ein stor epidemi, eksempelvis i Sverige, treng ikkje føre til at nordmenn må krype under dyna i hopetal. Visse deler av landet kan få epidemiske tilstander, andre kan skjere klar. Har vi derimot lite antistoff mot eit virus som spreier seg i Europa, er faren stor for at det vil bli store utslag også her i landet.

Omgangsform gjer utslag

Men også sosial omgangsform kan gje store utslag. Dersom personane som dreg smitten til eit område har ei brei kontaktflate, aukar risikoen for at smittespreiinga kan skyte fart.

Grunnen til at det er få influensatilfelle i sommarhalvåret, er rett og slett at vi gjerne oppheld oss meir utandørs. Lukka rom er ein yngleplass for spreiing av virus.

Den som lever får sjå

Men skulle influensaen slå til også i vinter, så kan forskarane lettare kalkulere kor lenge epidemien vil vare. Dette er bygt på mange års erfaring med kor lenge slike farangar normalt varer.

Men kor høgt toppunktet blir, kor alvorleg epidemien blir eller kor mange fleire som vil dø enn i ein sesong med lite aktivitet, er uråd å spå om.

— Den som lever får sjå, er meldinga frå Influensasenteret ved Universitetet i Bergen.