Senterpartileiaren fekk mangt å tenkja på då han vitja fleire nordhordlandskommunar på ei rask rundreise i går ettermiddag. Dette er midt i tjukkaste senterpartiland. Sviktar det på strilelandet, så trøyste og bære for dei som vonar på stortingsplass herifrå!Leiande lokalpolitikarar frå Enoksens eige parti veit kva som står på spel. Dei la derfor ikkje fingrane imellom då dei trekte fram skuggesidene ved det nye momssystemet som skal gjelda frå 1. juli.Det var særleg situasjonen i Meland som skapte uro. Kommunen får 1,8 mill. kroner i ekstrautgifter på årsbasis, og berre 90.000 kroner i kompensasjon.— Men det skal gå i null for kommunane, repliserte Enoksen.Men senterpartifolk har samstundes mykje å gle seg over frå komande helg, for halvert matmoms vil syna att på hushaldningsbudsjettet. Og kven andre enn Sp var det som dreiv dette gjennom?Enoksen var derfor med på notane då han i butikksenteret i Knarvik gav klarsignal for «matmomspolitiet». Partifolk skal driva priskontroll i lokalmiljøet frametter for å sjå om butikkane skor seg.Partileiaren reiser frå fylke til fylke for å oppmuntra partifellar i ei tung tid, og for å ta imot formaningar og konstruktiv kritikk, etter det han sjølv fortel til Bergens Tidende.- Er du svært nervøs etter skrale tal på meiningsmålingane?- Eg likar ikkje det eg ser av lokale målingar. Vi må mobilisera som aldri før. Men det er feil å seia at eg er nervøs. Dessutan trøystar eg meg med at Senterpartiet i dei siste tjue åra alltid har hatt betre resultat ved vala enn meiningsmålingane bar bod om.- Sp risikerer å bli like isolert i Stortinget som SV har vore?- Ja, og i så fall skal folk vita at dersom vi mister innverknad på politikken, vil sjukelønsordninga bli svekka. Det same gjeld distriktspolitikken, legg Enoksen til.Både frå bedriftsleiinga i SMP Marine Produkter i Bøvågen på Radøy og i Mongstad-raffineriet fekk partileiaren oppmodingar og formaningar med seg.Etter å ha sett kjappe hender i arbeid med å skjera og pakka oppdrettslaks i det moderne og store SMP-anlegget, gjorde dagleg leiar Birger Tenden merksam på at smale og dårlege vegar er ei stor ulempe for bedrifta i det daglege, ikkje minst på grunn av uhell og bilar som stundom kvelvar.- Det skal vi gjera noko med! kom det raskt frå Enoksen.Leiaren i Senterpartiet i Hordaland, Morten Havsgård frå Fusa, nytta samstundes høvet til å refsa sentrale styresmakter for å ha gjort altfor lite for å hjelpa oppdrettsnæringa fram.På Mongstad fekk Enoksen oppmoding frå m.a. områdeleiar Bjørn Korsfur om å halda fast på energiavgifter som ikkje svekker norsk konkurranseevne. Det gjelder særleg CO2-avgifta.