Sjukehuset i Førde er omringa av store landbruksareal. Kvar vår blir mengder av naturgjødsel spreidd like ved sjukehusveggene.

Sist vår og sommar var det ekstra ille, og no er ei eiga prosjektgruppe etablert for å løyse skitproblemet.

Stinkande behandlingsrom

— Stanken kom heilt inn på behandlingsromma våre, fortel overlege Geirfinn Vagstad ved kreftseksjonen på Førde sentralsjukehus. - I tillegg var det kvelande varmt. Slo vi på ventilasjonen, vart lukta drege inn. Opna vi vindauge, kom lukta inn. Det var heilt forferdeleg, både for pasientar og tilsette.

Vagstad er svært glad for at både bøndene i området, Førde kommune, bondelaget og fylkesmannens landbruksavdeling no tar tak for å redusere plagene.

— Vi er positive til å innføre tiltak for å redusere luktplagene, men samtidig er det klart at vi ikkje kan ta desse kostnadene sjølve, seier Hugo Magne Aasen, som er ein av fire bønder med areal innan luktbar avstand til sjukehuset.

Ifølgje Aasen er det snakk om å prøve ut såkalla direkte gjødselinjisering, dvs. eit system der den flytande gjødsla blir sprøyta rett ned i jorda med svært høgt trykk.

Pilotprosjekt

— Målet er å få på beina eit pilotprosjekt i løpet av 2009, seier Aasen.

— Men utstyret vil koste over 800.000 kroner, og det er klart at her må fleire partar bidra.

For bøndene sjølv finst det ingen arbeidsmessig eller økonomisk motivasjon til å skaffe seg utstyret. Derfor må prosjektet finansierast blant anna med prosjektmidlar frå Statens landbruksforvaltning.

På sjukehuset ser både leiing og tilsette fram til ein vår med mindre luktplager enn førre år.

— Dette har vore ei plage for oss, og vi er takknemlege for dette initiativet, seier administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

— Vi forstår at bøndene må gjødsle jorda, men håpar det kan skje på måtar som gjev mindre luktplager. For mange av våre pasientar har dette vore ei stor tilleggsbelastning, spesielt på kreftseksjonen.

TERJE ULVEDAL