Slangane sprakk då ein uheldig bonde i Haugsvik skulle gjødsla markene sine med vassblanda kumøkk gjennom eit gylle-anlegg.

Store mengder gylle rann rett ut i elva, som for tida har låg vassføring. Ein del småfisk vart funnen daud rett etter utsleppet.

Nærøydalselva er nyleg friskmeld etter mange år med lite fisk. Denne veka har Johnny Kaupang leigd 80 prosent av fiskerettane og fiskar sjøaure og laks til mange kundar. Fangstane har tidvis vore eventyrlege.

Til lokalavisa Hordaland ytrar han otte for at ureininga kan ha tatt knekken på yngelen som er fødd i år, og for eittåringane. Det kan ha uheldige langtidsverknader i ei elv som hadde fiskestopp i fem år for å få bygt opp att laksestamma.