— Eg er spurd, stadfestar Tor Østervold.

Østervold er austevolling som Frode og Inge Møgster, og har bygd opp formuen som fiskebåt- og seismikkbåtreiar.

Østervold har spreidd verdiane sine som medeigar i ei rad familieselskap. Det gjer storleiken på formua vanskeleg å vurdere, men han er truleg i stand til å reise fleire titals millionar kroner.

I fylgje Østervold har han ikkje fått ein konkret tidsfrist for å svare, men han seier han rekna med at det ikkje vil ta lang tid før det kjem ei avklaring.

Fleire nye eigarar

Truleg vil Østervold vere ein av fleire som eventuelt skyt inn pengar og blir nye medeigarar i Sjøtroll.

Tidlegare har investoren Per Sævik frå Sunnmøre stadfesta at han er informert om at Sjøtroll treng meir pengar.

Banken kan også bidra, ved å gjere delar av gjelda om til aksjar.

Statskontrollerte Cermaq og børsnoterte Lerøy Seafood Group har begge ambisjonar om å bli større i norsk oppdrett. Til skilnad frå storparten av oppdrettsnæring er dei også så solide at dei alltid dukkar opp i spekulasjonar rundt oppkjøp og kapitalutvidingar i kriseramma konkurrentar.

Milliardgjeld

Sjøtroll har nesten ein milliard kroner i gjeld. I tillegg slit Sjøtroll - i fylgje rekneskapen for 2002 - med ein garanti på 83 millionar kroner til det kriseramma shetlandske oppdrettsselskapet Hjaltland Seafarms, der Sjøtroll eig 38,89 prosent.

Garantien betyr at Sjøtroll, i tillegg til sine eigen vanskar, også må vere med på å løyse vanskane i Hjaltland Seafarms.

Hjaltland Seafarms, der Bremnes Fryseri på Bømlo, Lerøy Seafood Group og Coast Seafood i Måløy er medeigarar, hadde ved utgangen av 2002 ei gjeld på 515 millionar kroner.

Doblar redningspakken

I byrjinga av mars skreiv Bergens Tidende at Sjøtroll jaktar på 100 millionar kroner, minst dobbelt så mykje som storaksjonær og dagleg leiar Frode Møgster meinte var naudsynt i november i fjor.

Etter det BT har grunn til å tru arbeider selskapet no med å få inn minst det dobbelte, over 200 millionar kroner.

Truleg er det Nordea, långjevar til både Hjaltland Seafarm og Sjøtroll, som har pressa fram ei slik dobling.

Nordea har lånt ut sju milliardar kroner til oppdrettsnæringa, og jobbar på spreng for å hindre at tapsavsetningane skal bli enda større enn dei to milliardane banken allereie har bokført i dag.

INN I OPPDRETT? Tor Østervold er spurd om å skyte friske pengar inn i Inge og Frode Møgster sitt kriseramma oppdrettsselskap, Sjøtroll. <br/> FOTO: KIM NYGÅRD