• Gisseltaking eller sabotasje mot Hydro-fabrikk.
  • Bombetruslar mot hovudkontoret.
  • Trugsel mot personar, formidla via epost, brev eller telefon. Alvorsgrad avhengig av situasjonen trugselen er framsett i. Trugslar skal politimeldast.
  • Trakassering. Stikke hol på bildekk, male skjellsord på bil, hus eller hotelldør, knuse vindauge.
  • Mobbing i lokalsamfunnet, også mot familiemedlemmer.
  • Demonstrasjonar når det er møter i Årdal og Høyanger, spesielt når nokon frå leiinga er til stades.
  • Ubehagelege situasjonar i Årdal/Høyanger: i butikken, på gata, på hotellet, i kantina — for eksempel når prosjektgruppa har møte på staden.
  • Negativ omtale i pressa.

Andre moglege reaksjonsmønstre kan vere at tilsette kan ta med seg verktøy, pc-ar, fotoapparat eller anna dyr rekvisita ut frå arbeidsplassen.

Dei kan også finne på å kopiere dokument, rapportar, teikningar eller patentar, trur Hydro: (...) «i tilfelle de skulle få bruk for det i en ny jobb. Eller - kanskje noen vil selge det vidare til konkurrenter?»