Overholt, som er Ap-mann, skulle hjelpe Norman med å modernisere offentleg sektor. Han gjekk i fjor frå næringslivet og 17 millionar kroner i nettoinntekt til ei lønn på under ein million kroner. Det han tapte i inntekt, fekk han att i faglege utfordringar:

«Dette er den fagleg sett mest spennande jobben som finst i dette landet», sa Overholt til Aftenposten då han var tilsett av Norman.

Toppbyråkraten

Overholt sluttar omgåande i departementet, men skal «stå til disposisjon» i tre månadar.

Overholt ler godt og lenge når BT spør om kvifor han sluttar. Han vil ikkje kommentere korleis forholdet er til Victor Norman.

Overholts avgang er eit nytt teikn på at alt kanskje ikkje er som det bør vere i departementet Norman har ansvaret for.

I fjor forsvann toppbyråkraten i departementet, departementsråd Karin Moe Røisland, etter å ha arbeidd litt over eit halvt år saman med Norman.

Frå årsskiftet skulle ho ha vore tilbake att, etter at vikaren hadde fått nok. I staden fekk Røisland ny permisjon for å sleppe å gå tilbake til Norman. Ein ny vikar måtte inn.

«Må ha rett»

Bergens Tidende er kjent med at misnøyen med Norman er sterkt stigande i departementet. Det går både på stilen og veremåten hans, at han alltid veit best og ha rett, som debattanten som må vinne kvar ein debatt.

— Slikt kan nok passere på eit universitet eller ein høgskule, men som sjef for eit forvaltningssystem, er ein slik praksis forkasteleg, seier ei kjelde som kjenner forholda, til Bergens Tidende.

Kritikken går på at Norman er det motsette av ein inkluderande sjef. At han tvert om «held hoff» og dyrkar eit par handfuller med medarbeidarar. For resten av staben skal det verka berre negativt og demotiverande.

Personar i ansvarlege stillingar, blir til dels haldne utanfor. Dei blir på den måten utrygge, og dette har også direkte innverknad på dei underordna. Leiarar som blir «forbigått» på denne måten, vil naturleg også misse autoritet i forhold til dei underordna.

Be om hjelp frå Foss

Bergens Tidende er kjent med at misnøyen ikkje avgrensar seg til forhold i departementet.

Nyleg fann dei tillitsvalde i Statskonsult grunn til å appellere til finansminister Per-Kristian Foss. I brev til Foss opplyser dei at dei har vendt seg til statsråd Norman utan å få korkje dialog eller avklaring om Statskonsult si framtid.

Dei åtvarar mot delar av den omorganiseringa som Norman legg opp til, ved å legge rådgjevings- og tingingsfunksjonar inn i departementet. Dei er redd for at den kritiske funksjonen Statskonsult har i forhold til forvaltninga, vil gå tapt, til mein for heile forvaltninga.

Statskonsult sorterer under Administrasjonsdepartementet. Det fortel mykje at dei appellerer til ein annan statsråd.

Avviser kritikken

Norman har også hausta massiv kritikk frå tillitsvalde i dei statslege tilsyna som regjeringa vil flytte ut. Dei har kritisert han for mangelfull informasjon. Det er blankt avvist av Norman.

Bergens Tidende er kjent med at Karin Moe Røisland etter å ha arbeidd saman med Norman i eit par månadar, på eit møte kom med kritikk mot han for leiarstilen hans.

Norman svara ikkje sjølv, men han skal ha skreve ein lapp og sendt over til statssekretæren sin, Christine Meyer. Ho skal så ha halde eit flammande forsvar for Norman.

Christine Meyer er heller ikkje lengre hjå Norman.