— For den moderne prinsesse!

Byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen slår ut armen, og viser stolt fram presangen, som skal overrekkast prinsesse Märtha Louise i morgon.

Frå Bergen kommune får 30-årsjubilanten ein sofa i raudt ullstoff av den unge designeren Andreas Engesvik frå Bergen. Materialet er av skumplast.

— Den kjem til å bli dominerande på gåvebordet, humrar ordførar Ingmar Ljones. Absolutt kulturpolitikk

Sidan Festspillene i mai har Ljones og Strøm-Erichsen visst om den kongelege 30-årsdagen komande helg. Like lenge har dei grubla over kva bursdagsbarnet skulle få i presang av kommunen.

— Å gi vekk gåver til kongelege er absolutt kulturpolitikk, fortel Strøm-Erichsen.

— Berre tenk på all PR-en Bård Breivik fekk, då kronprinsparet fekk ein av hans skulpturar i gåve frå Bergen kommune. Slikt betyr mykje, meiner Ljones.

— Fantastisk! At gåva er ung, bergensk design av beste merke, produsert lokalt av Skisma Industrier AS på Osterøy er altså ikkje tilfeldig. Men det er langt frå berre patriotisme og næringspolitikk som har styrt valet av gåve:

— Ah! Fantastisk, stønnar Strøm-Erichsen, og legg seg godt til rette.

— Vil du også prøva, Ingemar?

Men det vil ikkje Ingemar akkurat no. Designer Engesvik på si side er glad for at kommunen valde hans sofa, og trur prinsessa også blir glad:

— Hvis ikkje den havnar i kjellaren etter to dagar, då.

– Ah! Fantastisk, stønnar Strøm-Erichsen, og legg seg godt til rette. – Vil du også prøva, Ingemar? (FOTO: TOR HØVIK)