Gutar sender oftare korte beskjedar, vitsar og kjedebrev, og brukar mobilen til å gjere avtalar. Dei er opptekne av at telefonen skal ha mange finessar og spel, og synest at det er lettare å flørte på sms.

Jenter er meir opptekne av design, og av at mobilen skal vere brukarvenleg. Men for begge kjønn er det viktig å ha mobiltelefon, først og fremst fordi dei blir tilgjengelege for vener og familie.

Dette kjem fram i Kristine Hålands hovudfagsoppgåve «Den sosiale mobiltelefonen». Ho har spurt vel hundre jenter og gutar i Bergen mellom 16 og 18 år om korleis dei brukar mobiltelefonen sin, og kva normer som knytter seg til bruken.

Gutar sender flest sms

— Overraskande nok viser materialet mitt at gutar sender fleire sms'ar enn jenter, seier Håland til BT.

Ei forklaring kan vere at gutar opptrer på fleire arenaer enn jenter. At dei vekslar hyppigare mellom skule, deltidsjobb og trening, og brukar mobilen til planlegging og koordinering.

— Jenter er meir i lag med dei som dei sender sms til, og snakkar heller saman.

— Betyr det at sms eignar seg best for maskulin kommunikasjon?

— Nei, det vil eg ikkje seie. Men maskuline og feminine trekk gjenspeglar seg i meldingane som blir sende.

Ringjer heim

Jenter brukar ofte symbol som bamsehelsingar og hjarte, og viser oftare meldingar til venninnene.

— Jentene fortel at det er lettare å kommunisere gjennom tekstmeldingar enn telefonsamtalar. Kanskje fordi dei kan vise sms'en til ei venninne først, og i fellesskap finne ut kva svaret skal vere.

Både gutar og jenter brukar mobilen til å snakke med foreldra sine, spesielt mor.

— Dette er ein viktig funksjon. Ungdom i dag er mykje på farten. For foreldra er det trygt å vite at dei kan få tak i barna sine, mens ungdommane kan ringje heim, hvis noko skjer, seier Håland.

— Korleis er det å vere 16 år og ikkje ha mobiltelefon?

— Dei fleste eg har snakka med, kjenner andre som ikkje har mobil. Då kan det vere vanskelegare å få kontakt. Men dei heng ofte saman med felles vener, og då sender dei sms eller ringjer via andre.

Pinleg mobilskryt

Både jentene og gutane er samde om kva som er pinleg mobilbruk:

n Teste ut ringjelydar på buss eller kafe

n Snakke høgt i mobilen

n Ikkje slå av lyden på tastar og spel

n Vise fram eller skryte av mobilen

— Det siste skal ein iallfall ikkje gjere! Mi tolking er at det skal vere unødvendig å vise omverda at dei har mobil, fordi det er blitt ein så naturleg ting i kvardagen.

— Kor viktig er det for desse ungdommane å ha mobil?

— Veldig viktig, fordi ungdom har stort behov for å kommunisere med jamaldringar. Eg trur ikkje mobilbruken kjem til å forsvinne, men tvert om ta endå meir over, seier Håland.

Raske haldningsendringar

Sjølv fekk sunnfjordingen sin første mobiltelefon i 1998. Ein Motorola cd 160.

— Den var såååå stor. På dei tider var det ikkje vanleg å ta med seg mobilen ut, iallfall ikkje i studentmiljøet, der eg vanka. Mobilen vart nærmast brukt som hustelefon. Men plutseleg begynte folk å ta den med ut. Eg også, fortel Håland.

— Haldningane til mobiltelefonar endrar seg raskt. Tidlegare måtte folk forklare kvifor dei hadde mobiltelefon. I dag må vi forklare oss hvis vi ikkje har.