— Vi jobbar no for å få til ei skikkeleg politisk markering, ein streik. Her er veldig mange andre arbeidstakarorganisasjonar som er klare til å markere sitt syn. Det som no skjer er eit angrep på stillingsvernet, seier hovudtillitsvald for dei Braathens-tilsette på Flesland, Bjørn Barstad.

Over 1000 tilsette i Braathens må slutte, i samband med at eigaren SAS ikkje vil ha dei med over i eit nytt selskap som skal ta seg av tenestene på bakken, SGS.

Trudde på likestilling

Då SAS fekk ta over Braathens trudde dei Braathens-tilsette at dei skulle stille likt med SAS-tilsette i tilfelle nedskjæringar. I staden vedtok styret i Braathens - der SAS har makta - at nedskjæringane berre skulle skje i Braathens.

Spekulasjonar om at nedskjæringane i Braathens vill slå ut i aksjonar, forseinkingar og kaos i flytrafikken slo feil i går. Trafikken på Flesland gjekk som normalt. Hovudtillitsvald for Handel- og Kontor-organiserte i heile Braathens, Peggy Hessen Følsvik, trur dei sjukmeldingane som har vore er heilt reelle.

— Eg trur ikkje det er aksjonar. Eg trur rett og slett at folk er utslitne og pressa, seier Hessen Følsvik.

Rettssaker uansett

Styret i Braathens har lagt opp til at ingen skal seiast opp på grunn av dei planlagde nedskjæringane.

I staden skal dei tilsette som vert overflødig permitterast, og bli tilbydd nytt arbeid etter kvart som det eventuelt vert ledig.

Dette er berre ein måte å unngå at det vert reist arbeidsrettssaker mot Braathens, meiner Hessen Følsvik. Handel og Kontor og LO sentralt vurdere prosessen slik at det uansett er råd på gå til sak mot Braathens for usakleg oppseiing.