Saka gjeld den omstridde konsesjonssaka i Lillesand der avgjerda frå Sponheim sitt departement har sett sinna i kok både på Sørlandet og mange andre stader i landet.

Saka blir nå også brukt internt i Venstre i kampen mot Sponheim.

Den politiske leiinga i departementet har kjent til saka i fleire månadar. Dette skjedde ved at statssekretær Leif Helge Kongshaug i departementet vart kontakta av seljaren av eigedomen, Henrik P. Thommessen. Det er såleis ikkje rett at den politiske leiinga ikkje har hatt kunnskap om saka slik det har vore hevda.

Leiaren i Aust-Agder Venstre, Hanne Hansson, opplyser til Bergens Tidende at ho har bede Sponheim om å invitere representantar frå Lillesand til eit nytt møte i departementet. Ho vonar då på ein betre dialog enn det dei opplevde for ei veke sidan. Då vart dei sendt heim att til Lillesand og følte seg trakassert av Sponheim.

Politisk rådgjevar Geir Olsen opplyser at det vil skje ein ny gjennomgang av saka i departementet i neste veke når Sponheim er tilbake frå USA.

Kommunenes Sentralforbund (KS) er nå kopla inn i saka, og har bede om tilgang til dokumenta.

— Vi er redde for konsekvensane av denne saka. Difor har vi bede KS vurdere korleis denne saka kan influere på situasjonen i fleire kommunar på Sørlandet, seier ordførar i Flekkefjord, Sigmund Krossli til Bergens Tidende.