Debatt

Herleiv Halland,

leiar for Interessegruppa mot flybombing

Det står vidare at området er vel eigna med mange føremoner og få avgrensingar. Det vil verta det viktigaste øvingsfeltet i Sør-Noreg for jagarfly, samt øving med kamphelikopter for skyting med laserstyrte rakettar (NRK14.04.03). All flyging i høgder ned til 150 m.

Flyginga vil gjera det naudsynt med tryggingssoner utanfor eksisterande skytefeltgrenser i øvingstid, og aktiviteten vil verta noko meir intens enn det ein har i dag. Orienteringa fortel ikkje at det er planlagt helikopterbase ved Militærleiren på Mjølfjell. Det er stadfesta av arkitektkontoret 3 RW som greier ut planane. Denne basen vil liggja like ved Raundalselva, og det vil verta auka fare for forureining frå drivstoff, både ved fylling og transport.

Det er også opplyst at fly vil gå inn i området frå alle retningar, noko som i enda større grad påverkar regionen omkring skytefeltet, også nabokommunane.

Når det gjeld utslepp av støy og forureining, er det naturleg å sjå på «Søknad om utslippstillatelse for Rena Leir, Rødsmoen øvingsområde og Regionfelt Østlandet», Forsvarsbygg 20. desember 2002.

Dette er topp moderne øvingsanlegg der det også skal nyttast fly og helikopter, men utan avlevering av skarpe våpen.

Region Øst er på 230 km² og Mjølfjell på 132 km², så utsleppsmengdene vil venteleg vera litt lågare her. Men det vil sjølv sagt vera avhengig av aktiviteten.

I Region Øst vil jagarflyaktiviteten i hovudsak vera i samtrening med Hæren, medan Mjølfjell også vil fungera som øvingsfelt for jagarfly aleine, med Ørlandet Hovudflystasjon som base(Forsvarsbygg/Forsvarsnett). I R.Ø. vil 85 prosent av aktiviteten skje i tida 08-18, medan 15 prosent vil skje i tida 18-24.

Taktisk flyging med helikopter vil helst skje i låg høgd over bakken, 15-150 m, og ved slik bruk av transport— og kamphelikopter kan opptil 10 helikopter vera i aktivitet samtidig. 75-85 prosent av denne aktiviteten vil skje i tida 08-18, medan 15-25 prosent vil skje i tida 18-22. Ein kan i periodar også rekna med aktivitet i tida 22-08.

Perioden april-juni vil vera den tida med størst aktivitet, med inntil 100 flygingar, og opptil 25 på dagar med størst aktivitet.

Søknaden om utslepp av støy gjeld eit gjennomsnittleg referansestøynivå på 55db, tilsvarande gjennomsnittleg plagegrad (GP) på 25 prosent ved fast bustad. Ved dette lydnivået er om lag 6 prosent mykje plaga. Det vert på R.Ø. også søkt om løyve til utslepp av maks. lydtrykknivå på natt tilsvarande 70 db utandørs ved fast bustad, med løyve til overskriding inntil 15 netter i året ved den einskilde bustaden. Dette lydnivået medfører 10 prosent oppvaking uavhengig av talet på hendingar for den natta det gjeld. Dette gjeld bruk av våpen, fly og helikopter. Ein auke på 8-10 db tilsvarar ei dobling av hørselinntrykket på øyra.

Det vert i dag ikkje stilt krav til støy ved fritidsbustader. Dersom SFT for R.Ø. finn grunn til å setja støygrense for fritidsbustader og hytter, så vil Forsvaret ha denne grensa mykje høgare enn for fast bustad.

Når det gjeld utslepp til vatn og grunn i R.Ø., skal abonnentar av lokale vassforsyningsanlegg sikrast godkjend vassforsyning med oppgradering av eksisterande anlegg. Kva med dei som tek vatn frå Raundalselva? Vasskvaliteten kan verta dårlegare i heile vassdraget ned til Voss, og gje ulemper både for folk og fisken i elva. Ein tenkjer spesielt på dagar med sterk nedbør, noko som vil skapa stor avrenning frå skytefeltet uti hovudvassdraget.