Nordmenn manglar tillit til helsevesenet, viser ei ny undersøking frå Forbrukarrådet og Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenester. Nær 30 prosent av befolkninga trur at norske pasientar blir skadde på sjukehus.

— Dette er ikkje godt nok. Folk skal kunne ha tillit til at helsevesenet legar deg og at du kjem ut friskare enn då du vart lagt inn, seier Terje Kili, fagsjef for offentlege tenester i Forbrukarrådet.

- Ikkje godt nok

I spørjeundersøkinga svarar dessutan

  • 39 prosent at dei sjølve eller nær familie har fått skader etter kontakt med norsk helsevesen.
  • 14 prosent at helsevesenet er veldig godt
  • 68 prosent at helsevesenet er ganske godt.

— Det er jo grunn til å spørje seg om ganske god er godt nok, seier Killi.

— Eit sentralt krav er at du som pasient får best mogleg behandling, når du har behov for det.

Vil ha økonomisk kompensasjon

Deltakarane fekk spørsmål om kva slags oppreising dei meinte dei har krav på, dersom dei skulle bli skadde gjennom kontakt med helsevesenet. Desse tre svara gjekk igjen:

  • Økonomisk erstatning
  • Formell innrømming
  • Forklaring
  • Det er interessant å observere at berre 6 % meiner at enkeltindivid skal straffast, seier Anne Karin Lindahl, avdelingsdirektør og leiar for Nasjonal enhet for pasientsikkerhet til www.kunnskapssenteret.no.

- Bør liggje i verdstoppen

Ei internasjonal undersøking for to år sidan viste at Norge skårar dårleg på pasienttryggleik samanlikna med andre land som deltok.

— Norge bør liggje heilt i verdstoppen med omsyn til behandlingskvalitet. Det er ikkje eit urimeleg krav med tanke på kor mye pengar vi bruker på helsevesenet, meiner Killi i Forbrukarrådet.

Han håpar at nye tiltak frå styresmaktene vil føre til at nordmenn får større tillit til helsesektoren. Killi nemner blant anna kampanjen "I trygge hender" og kravet om at helseføretaka må rapportere pasientskadar.

— Diverre er det ofte slik at enkelte ting blir ikkje vurderte som viktig før du må rapportere om det, seier Killi.

Les meir om undersøkinga på www.kunnskapssenteret.no.

Har du tillit til helsevesenet? Syng ut under!

IKKJE GODT NOK: Terje Kili, fagsjef for offentlege tenester i Forbrukarrådet, meiner folk skal kunne ha tillit til at helsevesenet legar deg og at du kjem ut friskare enn då du vart lagt inn.