VIL HA RO: — Dette er ei forferdeleg lei historie, men me håper at folk forstår at det nå blir rydda opp, seier leiar for Hordaland distrikt i Redningsselskapet, Knut Miland.

— Eg har gitt beskjed om at vi i Sogn og Fjordane ikkje har tillit til styret, seier Henry Indrebø, leiar i styret for Sogn og Fjordane distrikt.

Han meiner styret i dag må stille sine plassar til disposisjon. Deretter må det kallast inn til ekstraordinært landsmøte så snart som råd. Dei 13 medlemene i landsrådet kan utgjere eit slikt ekstraordinært landsmøte. Landsrådet er sett saman av alle distriktsleiarane.

Kritiserer Solås

— Heller ikkje eg kjenner alle detaljar i den striden som har rasa. Men noko av grunnen er å finne i tilsette som ikkje har innretta seg etter nye arbeidsoppgåver. Denne situasjonen har verken styret eller generalsekretæren takla, seier Indrebø.

— Meiner du også Monica Kristensen Solås bør gå av som generalsekretær?

— Det har vi ikkje noko meining om. Vårt syn her i Sogn og Fjordane er at det må bli opp til eit nytt styre å avgjere kva som skal med generalsekretæren.

Overfor Bergens Tidende legg likevel ikkje Indrebø skjul på at han syns det er noko underleg at Kristensen Solås brått «får skulda for det meste».

— Landsrådet har tre gonger i år fått seg lagt fram spørsmål om tillit frå styret og generalsekretær. Alle tre gongene har dei fått det. Så blir generalsekretæren sjukmeld, og då snur situasjonen. Eg kan ikkje sjå at det har skjedd endringar på så kort tid som tilseier det.

- Treng ro

Leiar i Hordaland distrikt, Knut Miland, seier han støttar opp om kritikken mot det sitjande styret.

— Me i Hordaland reknar med at styret trekkjer seg i dag. Gjer dei ikkje det, vil det bli ekstraordinært landsmøte etter nyttår likevel, seier han.

Miland meiner at styret gjer lurt i å trekkje seg på møtet.

— Det vil skape meir ro nå fram mot jul. Det trengst, seier Miland.

Stemninga om bord i båten «RS Nils C. P. Aure», som held til i Bergen, er framleis god. Dei håpar at pengegåvene ikkje uteblir på grunn av bråket, slik at dei kan oppretthalda tenestetilbodet.

— Me konsentrerer oss om oppgåvene som skal gjerast på sjøen. Det einaste me merkar til striden er media som vil vera med om bord i båten, seier styrmann Dag Kenneth Marholm.

Følg saka på bt.no