RAGNHILD HOV

Hans Otto Robberstad, (53), Arbeidarparti-politikar og leiar for det regionale helseutvalet på Vestlandet, innrømmer at det vert rart.

Den nye sjukehusreforma som vart lagt fram i går forutset at Regionalt helseutvalg, som styret dei fylkeskommunale sjukehusa, vert lagt ned. Sjukehusa skal bli staten sitt ansvar.

Robberstad har aldri lagt skjul på at han er imot sjukehusreforma til helseminister Tore Tønne.

— Reforma er lite demokratisk. Brukarane og politikarane får ikkje påverka drifta i det heile. Staten er ikkje nokon god sjukehuseigar. Røynsla frå mellom anna Rikshospitalet syner det. Drifta der har vore både dyr og dårleg. Dessutan er eg skeptisk til for mykje Oslo-styre ute i distrikta.

Tru mot partilina Men den tidlegare Wickmann-tillitsmannen frå Bømlo er tru mot partilina.Frå fyrste dag etter at Ap-landsmøtet i fjor haust vedtok at sjukehusa skulle skifta eigar, har han lojalt forsvara vedtaket.

— Reformer i forvaltninga endrast raskt i dag. Det skjer nok også med denne. Eg spår at om nokre år er regionale folkevalde på nytt inne i styrene. Då vert det ikkje så gale likevel.

— Det har vore etter måten stor motstand mot sjukehusreforma mellom lokal- og fylkespolitikarar. Er det fordi dei er redde for å mista feite politiske bein?

Sårt - Det er mange som mistenkjer oss for det. Det synes eg er sårt. Men eg kan ikkje forstå kva som er så gjevt med eit møtehonorar på nokre få hundre kroner for kvart møte. Og stadig nye dokumenthaugar som må lesast, seier han.

Robberstad har vore helsepolitikar sidan tidleg på nittitalet. Då vart han med i det såkalla Eide-utvalet som gjekk gjennom heile den somatiske sjukehussektoren i Hordaland. Det var dette utvalet som mellom anna la grunnen for utbyggjing av Pasienthotellet og Kvinneklinikken

— Helsepolitikk er konfliktfylt og komplisert. Men vi får resultat, forklarar han.

— Det likar eg.

— Er Tore Tønne ein dyktig helseminister?

— Det veit eg ikkje. Men han har vist at han har uvanleg stor handlekraft.

Sett på som folkefiende - Helseministeren foreslår at dei framtidige sjukehusforetaka skal leiast av profesjonelle styre. Reknar du deg kvalifisert for eit slikt styreverv?

— Ja, det er eg. Eg har politisk røynsle både som næringspolitikar og helsepolitikar. Dessutan har eg sete sju år i styret i ei større industriverksemd.

Men den tidlegare tillitsmannen meiner det er ei anna sak om han vil gå inn i eit slikt styre.

Han peikar på at foretaksstyret for Vestlandet skal leia ei verksemd med nesten ti-tusen tilsette og nesten ein million brukarar.

— Som styremedlem kan ein lett verta sett på som ein folkefiende for heile Vestlandet. Ein slik posisjon veit eg ikkje om eg vil ha.