Det var litt over klokka ni søndag morgon at politiet fekk inn melding om det mistenkelege dødsfallet. Ambulanse vart tilkalla, og gjorde fånyttes gjenopplivinngsforsøk på den 51 år gamle kvinna. Politiet har tatt inn to personar som oppheldt seg inne i huset, ein mann og ei kvinne, til avhøyr.

– Kvinna vart funnen med skader i hovudet, opplyser operasjonsleiar Torgeir Stødler ved Haugalandet og Sunhordland politidistrikt.

Politiet skal ha sperra av området rundt huset, og er i gang med ei grundig åstadundersøking.

– Vi har to personar inne til avhøyr, men inntil vidare er ingen sikta i saka, seier Stødler til bt.no.

Det foregår i kveld undersøkingar i nabolaget for å kartleggje om nokon kan ha sett eller høyrt noko som kan ha betydning for saka.

Den døde kvinna vil verte obdusert ved Gades institutt i Bergen.

– Vi håpar å få den foreløpige obduksjonsrapporten klar i morgon formiddag, opplyser politiet.