Forventningane var store til at staten i går ville rekkje ut ei hjelpande hand til kystkommunen, som i dei verste scenaria risikerer å tape bortimot 1500 private og offentlege arbeidsplassar.

Det mest alvorlege er situasjonen ved Kleven Florø. Skipsverftet, som med underleverandørar har sysselsett kring 600 arbeidstakarar i Flora, står no utan nye store oppdrag. Også ved sjukehuset kan mange arbeidsplassar forsvinne, på grunn av omstillingar i Helse Førde.

Fylkets ansvar

Men på den store omstillingskonferansen i Flora i går, gjorde statsråden det klart at regjeringa har delt ut pengane dei har til slike føremål i år. Bodskapen var klar:

Fylkeskommunane har fått ansvaret for å vere regional utviklingsaktørar. Sogn og Fjordane har fått 60 millionar til dette arbeidet i år, og må sjølv prioritere kor stor del av desse pengane som skal brukast i Flora.

— Problemet er at dette er for lite. Vi har tre kommunar der situasjonen er heilt spesiell, og som gjer at vi no har behov for ekstraordinære midlar. I tillegg til Flora er det Årdal og Høyanger, på grunn av dei varsla kutta i aluminiumsproduksjonen. Og i Flora er situasjonen akutt, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

Håpa på sterkare signal

Men Sandal har ikkje gitt opp å hente meir pengar ut av staten. I samarbeid med næringslivet og kommunen blir det no arbeidd med ein tiltakspakke som skal dokumentere det store behovet.

— Arbeidet med dette skal vere ferdig i god tid før revidert statsbudsjett kjem opp i Stortinget. Eg trur vi skal greie å dokumentere at situasjonen er slik at det vil vere trong for meir i omstillingsmidlar, seier fylkesordføraren.

— Mange hadde venta at kommunalministeren hadde hatt med seg nokre millionar til Florø denne gongen. Er du skuffa over at så ikkje skjedde?

— Eg hadde håpa på eit sterkare signal om statleg deltaking. Men vi er i dialog med departementet.

Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal seier til Bergens Tidende at heller ikkje ho har gitt opp håpet om ekstramidlar.

— Men likevel ventar eg at Sogn og Fjordane fylkeskommune set Flora på klar førsteprioritet, seier Frøyen Steindal.