Det stadfestar selskapet sin advokat, Anne Cathrine Røed overfor Kystradioen etter at kommunestyret på torsdag vedtok å avbryta anbodskonkurransen om datadrift for kommunen.

AspIT hadde levert det lågaste anbodet på IKT-drift i Austevoll for ein femårsperiode, men vil retta krav om økonomisk kompensasjon etter at kommunestyret samrøystes forkasta tilboda både frå AspIT og det Austevoll Kraftlag-eigde selskapet Ebru. Røed gjer det klart at dersom ikkje selskapet får ein tilfredsstillande kompensasjon, endar saka i retten.

Anne Cathrine Røed kan ikkje svara konkret på kor stort kravet blir, men at det blir på eit sjusifra beløp.