Den samla veksten i skatteinntektene for kommunane blir i år på heile 5,5 milliardar.

Børre Stolpe, som er seniorrådgjevar i Kommunenes Sentralforbund, seier til Bergens Tidende at han aldri har opplevd ei liknande oppjustering av skatteinntektene som nå. Han har arbeidd med kommuneøkonomi i 30 år. På det meste har det vore snakk om 700-800 millionar i oppjustering.

Når regjeringa nå trekkjer framlegget om auka arbeidsgjevarbetaling for sjukefråver, inneber det ei innsparing på 500-600 millionar kroner for kommune-Noreg i høve til 2007-budsjettet.

— Julenisse i november

Bergen kommune vil åleine få 111 millionar kroner meir i skatteinngang i år enn det regjeringa rekna med for berre ein månad sidan. Dei andre kommunane i Hordaland får samla 90 millionar. For Hordaland fylkeskommune er talet 41 millionar. Sogn og Fjordane fylkeskommune får 9,5 millionar medan kommunane i fylket i alt får 45 millionar.

— Det er svært hyggeleg for meg som kommunalminister å vere julenisse alt i november, kunngjorde kommunal- og regionalminister Åslaug Haga (Sp) då ho presenterte dei nye inntektstala i går.

- Betal gjeld!

— Dette er eingongsinntekter. Desse meirinntektene bør kommunane mellom anna bruke til å betale ned gjeld og til vedlikehald - ikkje til å auke driftsutgiftene, seier Haga.

Inntektstala er oppjustert på bakgrunn av likningstala for 2005 som vart klare etter at regjeringa la siste hand på statsbudsjettet.

Inntektstala er uttrykk for at det går så det kvin i norsk økonomi, fastslår Haga.

Regjeringa har i statsbudsjettet lagt opp til at kommunane i 2007 skal få 2,4 milliardar kroner meir i frie inntekter.

Nå reknar regjeringa med at kommunane vil få ytterlegare auke i frie inntekter neste år sjølv med redusert skatteøre som det blir gjort framlegg om. Det auka handlingsrommet som skatteinngangen gjev, vil regjeringa nytte til å gje kommunane 1,25 milliardar kroner ekstra neste år som rammetilskot.

- Kan tilsetje fleire

Dette er «faste pengar» som kommunane kan rekne med og disponere også til auka driftsutgifter.

— Her kan kommunane nytte pengane til å tilsette fleire i omsorgssektoren og i skulane, seier Haga.

Ut frå ein oversikt regjeringa har utarbeidd, vil Bergen kommune få 50 millionar av summen på 1,25 milliardar neste år. Dei andre kommunane i Hordaland får samla 47 millionar. Hordaland fylkeskommune vil få knapt 25 millionar. Sogn og Fjordane fylkeskommune får ni millionar medan kommunane i fylket til saman får 25,7 millionar.

POSITIVT: Det er hyggeleg å vere julenisse allereie i november, kunngjer kommunal- og regionalminister Åslaug Haga (Sp).FOTO: KNUT FALCH, SCANPIX
Falch, Knut