Det er først og fremst ved systematisk overvaking og samarbeid at ein har greidd å få kontroll over luseproblemet i Hardangerfjorden.

— Lakselus er eit alvorleg trugsmål mot stammane av villaks og sjøaure. Oppdrettsnæringa har fått mange skuldingar mot seg, fordi anlegga i sjøen har vore mykje utsett for lakselus. Men i 2004 vart det for fyrste gong på lenge registrert mindre lakselus på villfisk i Hardangerfjorden enn andre stader i Hordaland, seier leiar i kultur- og ressursutvalet i fylket, Georg Indrevik. Det var han som stod for utdelinga av miljøprisen under opninga av fylkestingets 2. dag onsdag 12. oktober.

Indrevik understreka at Rune Stigum Olsen har vore ei eldsjel i arbeidet med Hardanger fiskehelsenettverk, og at han har verka til å betra samarbeidet og forståinga mellom oppdretts- og villfiskinteressene.

Eit liknande fiskehelsenettverk som i Hardanger har no og kome på plass i Nordhordland, opplyser Georg Indrevik.

PRISVINNARAR: Rune Stigum Olsen held sjekken som viser at han har fått miljøprisen for 2004, 35.000 kroner, frå Hordaland fylkeskommune. Georg Indrevik delte ut prisen. Til høgre står Ragnhild Malkenes og Øyvind Brekke, som og deltek i arbeidet til Hardanger fiskehelsenettverk.
KNUT STRAND