Stoltenberg hamrar nå inn: Ap er eit miljøparti! Vi har ein stolt miljøtradisjon! Den tradisjonen vil eg føre vidare som leiar i Det norske Arbeidarparti!

Dette var bodskapen frå ein sjeldan sterkt engasjert Stoltenberg til landsstyret i partiet i går.

Hardkøyr mot Frp

Stoltenberg har då også bakgrunn mellom anna som statssekretær i Miljøverndepartementet og som leiar av energi— og miljøkomiteen på Stortinget.

Stoltenberg nyttar nå Frp og Frp sin «klimaekspert», stortingsrepresentant Øyvind Korsberg, som eit takknemleg «objekt» når han skal «samle troppane» og få fokuset vekk frå sprikande miljøoppfatningar mellom regjeringspartia. Korsberg vart halden fram som eit skrekkens eksempel på vankunne.

Stoltenberg meiner det er tryggare å lite på 2500 av verdas fremste vitskapsmenn enn på «klimaeksperten» til Frp. Partiet har dessutan «vedteke» at forskarane tek feil, ifylgje Stoltenberg.

Inga talfesting

Stoltenberg forsikrar at Noreg ikkje skal vere dårlegare enn EU når det gjeld reduksjon i utslepp av klimagassar. Kutta skal kome både her heime og ved kjøp av kvotar ute. Men han vil ikkje talfeste kva klimamål han og regjeringa vil forplikte seg til fram mot 2020 før etter ein ny runde som skal munne ut i ein avtale som skal avløyse Kyoto-avtalen frå 1997.

Etter Kyoto-avtalen skal utsleppa i Noreg ikkje vere større i 2012 enn dei var i 1990. Det inneber ein reduksjon frå eit venta utslepp på 70 millionar tonn CO2-ekvivalentar til 50 millionar tonn. Kutta skal likevel ikkje innrettast slik at dei raserer norsk industri, forsikrar Stoltenberg.

Må betale

Dei rike landa må kutte eigne utslepp og dei må betale kostnadene for å redusere utsleppa frå dei fattige landa for at dei skal få ei økonomisk utvikling.

Dei landa som står for 70 prosent av klimagassutsleppa har ikkje underteikna Kyoto-protokollen. Her er USA verstingen. Då hjelper det lite kva andre land gjer for å redusere utsleppa sine.

ANGRIP FRP: Statminister Jens Stoltenberg
Sara Johannessen, Scanpix