Stortingsrepresentant Jan Arild Ellingsen i Framstegspartiet (Frp) er overtydd om at Forsvaret sitt ønskje om å drive redningshelikoptertenesta er grunnen til det ikkje er invitert til konkurranse om å levere nye redningshelikopter.

NH-90 er eit militært helikopter, og vil i praksis berre vere sertifisert for å førast av militære pilotar. Det stadfestar justisdepartementet, som har ansvaret for redningstenesta.

NH-90 som redningshelikopter vil difor låse justisdepartementet til å la Forsvaret drive redningstenesta så lenge helikopteret er i bruk.

— Viss du kjøper ein militær maskin så har du valt militær operatør i 30 år, seier Ellingsen.

Milliardkontrakt

Ti nye helikopter til minst to milliardar kroner. Det er kontrakten når den 30 år gamle Sea King-flåten skal skiftast ut innan 2010.

Forsvaret kjøpte i 2001 14 militære helikopter av typen NH-90 til fregattane og kystvaktfartya. Med på kjøpet fekk staten ein opsjonsavtale som gir rett til å kjøpe 10 helikopter av same type til redningstenesta.

I staden for å legge kontrakten om levering av redningshelikopter ut på anbod, vil regjeringa først vurdere om opsjonsavtalen skal brukast.

Stoggar konkurranse

Ellingsen og Frp meiner i utgangspunktet at redningsteneste ikkje er ei oppgåve for Forsvaret.

Han ønskjer seg konkurranse om å drive helikopterredningstenesta, der Forsvaret konkurrerer på line med private selskap om å gjere jobben. Målet med konkurransen er i fylgje Ellingsen å gi ein betre og meir effektiv redningsteneste.

Per i dag har Frp ikkje støtte i Stortinget for sitt syn. Men om NH-90 blir valt som nytt redningshelikopteret vert det uråd å opne for konkurranse seinare, sjølv om Frp skulle få eit fleirtal av dei andre partia med seg.

— For min del er det viktig, seier Ellingsen.

Vil la forsvaret drive

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) frå Høyanger er saksordførar for helikopterkjøpet i Stortingets justiskomite. Ho forsikrar om at partiet framleis vil la forsvaret drive helikopterredningstenesta.

Men Heggø meiner ynsket om å la forsvaret driver redningstenesta ikkje står i vegen for å velje fritt mellom aktuelle nye redningshelikopter.

— Mitt primære synspunkt er at vi skal ha best mogleg redningshelikopter, seier Heggø.