Forsvarets Sikkerhetsavdeling (FSA) og Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) vil ikkje halde nokon ansvarlege for at Ramsland ulovleg tok med seg alle desse dokumenta heim.

Vil innskjerpe reglane

Men NSM har påpeika at røynslene frå denne saka må føre til ei generell innskjerping i Forsvaret når det gjeld autorisasjon og tryggingsmessig leiing.

NSM er for sin del ikkje ferdig med skadevurderinga av dokumenta i beslaget.

Dette går fram av årsmeldinga frå Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet) som no ligg føre.

For andre år på rad rapporterer utvalet til Stortinget om denne saka. Igjen påtalar utvalet manglande oppfølging av ansvarsforholda og manglande likebehandling. Utvalet viser til at andre personar i Forsvaret er blitt svært strengt behandla ved brot på dokumenttryggleiksreglane.

Utvalet viser også til at Stortinget under behandlinga av årsmeldinga for 2005, bad EOS-utvalet å halde fokus på desse sakene vidare.

Den tidlegare marineoffiseren Ramsland som i 2005 vart dømd for drap på eks-kona, hadde gjennom fleire år teke med seg graderte dokument frå ulike tenestestader. Forholdet kom for ein dag i kjølvatnet av drapsetterforskinga.

Tre rapportar

Kontrollutvalet fekk kjennskap til omfanget av dokumentsamlinga gjennom inspeksjon av PST (overvakingspolitiet) si avdeling i Bergen.

Først etter vedvarande påtrykk frå EOS-utvalet overfor NSM og FSA starta dei undersøking av saka.

Og først i fjor haust hadde FSA klar tre rapportar om saka. Den eine rapporten omfattar ei katalogisering av dokumenta Ramsland hadde samla heime. Den viste at det aller meste hadde graderinga Avgrensa. Ikkje meir enn 100 dokument hadde høgare gradering. Dei fleste av desse var gradert Konfidensielt. Noko over halvparten var NATO-dokument.

Den andre rapporten inneheld ei vurdering av mogelege personellmessige konsekvensar for dei militære sjefane som hadde tryggingsansvar ved Ramsland sine tenestestader. Den tredje rapporten omhandlar ei skadevurdering av dei einskilde dokumenta i beslaget, med gradering Konfidensielt eller høgare.

Vil følgje opp

Kontrollutvalet varslar no at det vil følgje opp styresmaktene sine undersøkingar og vurderingar av dei mange tusen dokumenta gradert Avgrensa, som Ramsland hadde samla. Omfanget i seg sjølv gjer at denne saka kan ha interesse i forhold til den førebyggande tryggingstenesta generelt opplyser utvalet.