Eldkula som kjem inn over Nordfjord klokka 22.30 søndag 8. mai er ein av svært få meteorittar som er sett over Norge i nyare tid.

— Dette er det best observerte meteorittnedfallet i landet nokon gong, seier geoforskar Johnny Skorve. Til sommaren skal forskarar på meteorittjakt i Stryn.

Ved Olden

På Klakegg i Jølster er to bønder ute. Dei ser meteoritten rase over himmelkvelven. Ein dryss av lys dett mot bakken. Litt seinare rullar veldige drønn mellom fjella.

— Det var som å skyte med haglgevær i mørkret. Berre så mykje meir lys og lyd, fortalde ein av gardbrukarane etterpå.

No meiner fagfolka dei har funne ut kvar meteoritten landa.

— Vi meiner nedslaget var i fjellet nær Olden. Meteoritten fall ned i eit vanskeleg tilgjengeleg område, seier astronom Ørnulf Midtskogen.

— Kor sikker er du?

  • Innanfor eit område på to-tre kilometer kjenner eg meg relativt sikker på at berekningane våre er korrekte.

— Du har altså ein eksakt posisjon?

— Ja. Men den er vi litt varsame med å gje ut. I alle fall inntil vidare.

Ein kanadisk professor er no kopla inn for å kvalitetssikre arbeidet.

— Eg vil bli overraska om han kjem til andre slutningar, seier Midtskogen.

Dynamitten

I Måløy bur ein oppsynsmann i vegvesenet. Mellom ansvarsområda hans er å ha tilsyn med dynamittlageret. Sprengstoffet er det første han får i tankane då han høyrer smella i maikvelden.

— Eg frykta nokon hadde sprengt dynamitten, fortalde han etterpå.

Eldkula blei sett frå Nord-Trøndelag til Sørlandet, frå fiskebankane vest i havet til Svinesund på svenskegrensa.

Johnny Skorve var ung student i Oslo i 1960, og såg sjølv meteoritten. Dagen etter var den det store samtaleemnet på universitetet.

Av instituttet får han i oppgåve å samle inn så mykje informasjon som råd. Sommaren 1960 dreg han til Nord-Vestlandet, og intervjuar folk. I tillegg trålar han avisene etter historier og fotografi av eldkula. Det gav mykje verdfull informasjon.

— Det var likevel ei klar underrapportering. Mange fleire må ha fått meg seg eit så imponerande syn, meiner Skorve 45 år etter.

Rulla mellom fjella

På Nordfjordeid er ein nydeleg vårdag i ferd med å gå over i natt. Brått høyrest veldige smell. Ekko får lyden til å rulle mellom fjella. Folk som er ute i den vakre maikvelden, stoppar opp. Dei som har teke natta, kjem seg opp att av dynene.

— Det varte i fleire minutt, og var langt høgare enn torevêr. Vi kunne heller ikkje skjøne at det skulle torne, himmelen var heilt klår, fortalde eidarane.

Ei feillagring gjorde at materialet som blei samla inn sommaren 1960, kom vekk. Men for eit par år sidan dukka det fram att. Sidan har Skorve jobba intensivt med meteorittnedfallet.

— Meteoritten kom inn over landet like etter at sola hadde gått ned. Eldkula lyste langt sterkare enn fullmånen. Det finst dei som opplevde ho like sterk som sola. Folk kunne sjå eksplosjonane. Etter kvart som meteoritten gjekk i oppløysing, la han etter seg ein hale av støv. Denne blei opplyst av sola og såg ut som ein kvit brei strek på himmelen. Vindar i atmosfæren trekte støvstreken ut og gav han slangeform. Lyssporet var synleg kring tre kvarter, fortel Skorve.

Smell etter smell

Over Sandane eksploderer lekamen på himmelen. Frå bakken ser folk kraftige lysbluss. Med korte mellomrom høyrest smell på smell. Eksplosjonane dannar svære støvskyer som fall mot jorda.

— Glødande partiklar regna frå himmelen, kunne glopparane fortelje.

Meteoritten kom inn i atmosfæren med ein fart på 15 kilometer i sekundet. Det er vanskeleg å tenkje seg noko som går så fort.

— Smella kom både frå at meteoritten braut lydmuren, og at han eksploderte og gjekk i oppløysing, fortel Skorve.

— Kor stor var meteoritten?

— Då han kom inn i atmosfæren vog han truleg over eitt tonn.

Husa rista

I Ålesund ristar jugendbygningane. Glas og pyntegjenstandar tek til å lee på seg i skap og karmar.

— Glas datt i golvet og gjekk i tusen knas, fortalde sunnmøringane etterpå.

Til sommaren planlegg naturhistoriske museum ved Universitetet i Oslo ein ekspedisjon til fjellområda mellom Loen og Olden, for å leite etter meteorittar frå eldkula.

— Dersom det er fragment att av denne meteoritten må det vere i Nordfjord. Vi planlegg ein ekspedisjon i august, men er avhengig av sponsorar fordi det vil bli dyrt. Fjellområdet vi skal leite i er så utilgjengeleg at vi må bruke helikopter, seier museumsdirektør Elen Roaldset.

Forskarane meiner det er sannsynleg at det finst meteorittar frå eldkula i fjella i Stryn.

— Truleg har det dryssa ned ganske mange meteorittar innanfor eit relativt stort område, seier Johnny Skorve.

Eit slikt funn vil langt på veg vere ein sensasjon. I heile landet er det så langt funne berre 13 meteorittar.

SPOR I OSLO: Per Seglen tok dette fotografiet av det slangeaktige lyssporet eldkula etterlet seg på himmelen. Tårnet på Holmekollbakken kan skimtast mot synsranda midt i biletet.
STYRTA I NORDFJORD: Slik meiner forskarane eldkulakom inn over Nordfjord. Dei kjenner seg sikre på atnedfallet skjedde i fjella nær Olden, og trur det må verefragment att av han.
SPOR I SULDAL: Egil Holmedal fann fram fotoapparatetdå han observerte eldkula frå Suldal i Rogaland. Fotoetblei tatt berre eitt minutt etter at han såg meteoritten.