TERJE ULVEDAL

Teknisk direktør Reidar Klingenberg i hurtigruteselskapet Troms Fylkes Dampskipsselskap (TFDS) stadfestar overfor Bergens Tidende at det er ein «metalliknande gjenstand» som blei oppdaga i det tette lufterøret etter nestenhavariet på Stadhavet rett før jul.

— Men så langt har vi ikkje fått svar på kva type metall det er. Og før vi veit det, kan vi heller ikkje seie noko om kvar metallet har komme frå, seier Klingenberg.

— Men dette var eit heilt lukka system. Er det då så mange alternativ å velje mellom?

— Ja, det er det. Også i eit lukka system kan det komme inn framandelement, svarar TFDS-direktøren.

Dramatisk

Det var natt til søndag 14. desember i fjor at hurtigruteskipet fekk motorstopp på Stadhavet. «Midnatsol» var på veg sørover med 102 passasjerar og eit mannskap på 59. Utan maskinkraft dreiv hurtigruta i 8-10 meter høge bølgjer og stiv nordleg kuling med storm i kasta mot undervasskjeret Bukketjuvane. Då mannskapet fekk motorane i gang att var «Midnatsol» berre 100 meter frå å gå på grunn. Då sat alle passasjerane klare i livbåtane.

Svikt i systemet som skulle kjøle motorane blei raskt fastslått til å vere årsaka til at maskineriet stoppa. Eit lufterør var tett, og ein teori som raskt dukka opp var at groe og skjel hadde tetta røret. Men under nærare undersøkingar blei det også funne eit framandelement, som altså no viser seg å ha vore ein metallgjenstand.

Til våren ein gong

Det er det marine forskingsinstituttet Marintek i Trondheim som analyserer funnet i lufterøret.

— Truleg vil vi først seinare i vår kunne få svar på kvar metallgjenstanden stammar frå, seier tekniske direktør Klingenberg.

— Kor avgjerande kan denne metallgjenstanden ha vore for at skipet fekk motorstopp?

— Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

Etter at det blei kjent at det var funne eit framandelement i røyret, skrev Teknisk Ukeblad at dette truleg låg igjen frå byggjetida ved Fosen Mekaniske Verksteder i Rissa. I så fall kan Fosen-verftet bli erstatningspliktige.