— Heile IT-systemet er lagt om, vi har fått nytt straffesakssystem (BL) og vil ha femsifra telefonnummer frå neste årsskifte, seier Knut Kverner i Politidirektoratet. Han er prosjektleiar for gjennomføringa av reforma.

I straffesakssystemet kan dei følgja alle sakene som vert melde til politiet, uansett om dei blir lagde bort, eller endar med fellande dom. 3,2 millionar gamle straffesaker er no konvertert til det nye systemet.

Til neste år går prosjektet inn i ein ny fase. Politikorpset skal trimmast. Gode rutinar skal utviklast, dårlege skal avviklast. Det skal siktast mot tre hovudmål: Få bukt med kriminaliteten, bli meir publikumsorientert og auka kostnadseffektiviteten.

Stortingsmelding nr. 22 (2000-2002), som omtalar Politireform 2000, innførte omgrepet «Fremskutt integrert påtale». Kverner tolkar det slik at avstanden mellom politijuristen, etterforskaren og sjølve saka skal vera kortast mogeleg. Difor vil ikkje alle juristane bli samla på hovudkontora til dei 27 politidistrikta, men også kunne finnast på mange politistasjonar og dei største lensmannskontora. Det enkelte politidistriktet avgjer korleis ein vil organisera seg.