Dei ti første månadane i år blei 35,6 prosent av dei norske eksportverdiane skapt i dei fire fylka på Vestlandet.

— Vestlandet produserer og eksporterer. Oslo har tenesteytinga til denne produksjonen, og «skummar fløyten». Å auke forskings-, utviklings- og tenesteverksemda blir ei av dei største utfordringane for Vestlandet i åra framover, meiner professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Møre og Romsdal.

Minus olje og gass

Den siste oppdaterte statistikken om tradisjonell eksport viser at Hordaland er største eksportfylket i landet. Av ein samla eksportverdi på 165 milliardar kroner fram til utgangen av oktober, stod Hordaland åleine for 21 milliardar. Det utgjer 12,7 prosent av varesalet frå Norge til utlandet. Rogaland er nest størst med ein prosentdel på 9,7. På tredjeplass kjem Møre og Romsdal med 8,7 prosent.

Men 4,6 prosent av samla eksport kjem Sogn og Fjordane relativt langt nede på fylkesoversynet til Statistisk Sentralbyrå. Men dersom eksportverdi blir målet etter folketal, endrar bildet seg. Då blir Sogn og Fjordane største eksportfylket i landet. Eksportverdien per innbyggjar er 71.800 kroner. I Møre og Romsdal blir det eksportert for 58.900 kroner.

Til samanlikning: Oslo har 3,32 prosent av tradisjonell eksport. Altså mindre enn Sogn og Fjordane sjølv om innbyggjartalet er kring fem gonger så stort!

Tala inkluderer all eksport, med unntak av sal av olje og gass. Hadde inntektene frå norsk sokkel, som stort sett også skjer utanfor vestlandskysten, blitt lagt inn i statistikken, ville landsdelen blitt totalt dominerande.

Som i ein familie

— I prinsippet er det liten skilnad på økonomien til ein familie og ein nasjon. Familien kan bruke inntektene til å handle for. Pengane landet tener på eksport, blir brukt til å kjøpe varer tilbake frå utlandet. Skal vi få verdiar inn, må vi få varer ut. I dag er vi ikkje så avhengige av tradisjonell eksport, fordi vi har olje og gass. Men går vi tilbake til tida før oljefunna i Nordsjøen, var det med pengar tent på sal av varer landet blei bygt, seier professor Amdam.

Det er først og fremst fisk i alle variantar som gjer at Vestlandet tronar på eksporttoppen. Rundt halvparten av førstehandsverdien av ilandført og oppdretta fisk i landet blir skapt i vestlandsfylka. Men i tillegg er det som finst av industri i landet stort sett lokalisert til Vest- og Sørlandet. Stikkord er metallproduksjon, møbelindustri, skipsbygging og ulike industrielle produksjonar kopla til olje- og gassverksemda.

— Resten av landet er stort sett avindustrialisert. Men på Vestlandet er framleis kvar tredje arbeidstakar knytta til industri og vareproduksjon. Grovt sett kan dagens vareproduksjon på Vestlandet delast inn i to kategoriar, merkevare- og teknologibasert. Ekornes er eit døme på det første, avansert skipsbyggingsindustri på det andre.

Flagga ut tenestene

Men om vareproduksjonen har blitt verande i vest, har det dei siste åra skjedd ei utvikling der tenesteytinga er flytta ut.

Tidlegare var alt inkorporert i bedrifta. No etablerer store konsern spesialavdelingar, ofte knytt til hovudkontor i Oslo. Det kan vere for innkjøp eller forsking og utvikling. Hydro er eit slikt døme. Medan det før var full «infrastruktur» rundt aluminiumverka på Vestlandet, står desse no stadig meir fram som reine produsentar. Støttefunksjonar har blitt skrella vekk.

Mindre bedrifter, som ikkje kan gjere som dei store konserna, går ut og kjøper tenestene. Eit firma blir leigd inn for å føre rekneskapen, eit anna tek seg av marknadsføring.

Når dette har skjedd er det fordi krava til kompetanse har auka. Rekneskap- og marknadsføring blir sett på som avansert kunnskap. Konsern vel å samle denne kompetansen, delvis også fordi dei sparer pengar på det. Mindre bedrifter meiner det løner seg å kjøpe slik kunnskap, framfor å byggje den opp sjølv.

— I stor utstrekning har dei arbeidsplassane vi her snakkar om blitt lokalisert til hovudstadområdet, understrekar Jørgen Amdam.

Han støttar dermed dei som har peika på at vestlandsregionen har ei kjempeutfordring i å få etablert arbeidsplassar innan typiske kunnskapsyrke.