Snørr, host og nys. Gjerne midt i fleisen på Målfrid Torsvik. I influensasesongen blir 57-åringen angripen av bakteriar frå alle kantar i Dokkebakken Barnepark.

Frå kinn som skal klemmast, nasar som skal pussast, oppkast som skal tørkast. Men ingenting bit på denne dama.

Influensa er for feigingar.

— Eg er visst blitt immun. Det er tretti år sidan eg hadde influensa sist, ler ho.

— Eg trur eg held meg frisk, fordi eg er så mykje ute. Frisk luft er sunt og godt.

Feber, hoste, øyreverk og oppkast. Førre veke var heile atten av tretti barn i Dokkebakken Barnepark sjuke.

— Og dei som ikkje var sjuke i førre veke, er blitt det no, fortel Målfrid.

Men ho held stand. Målfrid er aldri vekke frå jobben. Ho har jobba i barnepark sidan 1976, og har ikkje tal på kor mykje snørr ho har tørka i alle desse åra.

— Spør meg ikkje! Det er masse.

— Er du eit medisinsk vedunder sidan du aldri blir sjuk sjølv?

— Nei, det er eg ikkje. Igjen, vi blir nok ganske immune i slike jobbar.

— Har du råd om korleis vi andre kan halde oss friske?

— Gå mykje ut i vér og vind og frisk luft. Ikkje steng deg inne. Då blir du lettare sjuk, trur Målfrid.

ALDRI SJUK: Feber, hoste og influensa. Svært mange barn i Dokkebakken Barnepark har vore heime den siste tida, men parktante Målfrid Torsvik blir aldri sjuk. - Eg har ikkje hatt influensa på tretti år, seier 57-åringen til BT.<p/>FOTO: ØRJAN DEISZ