VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.no Oslo

Journalist Stein Viksveen og tidlegare sjefredaktør Thor Bjarne Bore blir nå konfrontert med fleire kritiske spørsmål. 4. november i 1999 vart kontoret hans i Brussel ransaka av fem belgiske og tre norske politimenn. Dei tok med seg mellom anna fire datamaskinar som alle tilhøyrde Stavanger Aftenblad. Trass i at Viksveen og kona skal ha påpeika at dette var eit redaksjonelt kontor og at utstyret tilhøyrde Stavanger Aftenblad gjekk det fire veker før sjefredaktør Thor Bjarne Bore vart orientert om kva som hadde skjedd. Kvifor?

— Tok for lett på det - Ransakinga skjedde ein torsdag. Eg brukte fredagen til å summe meg. Laurdagen kontakta eg advokat Atle Helljesen. Vi var begge klar over at Bore måtte varslast. Helljesen ville prøve å få meir ut av POT. Det tok tid å få kontakt og svar. Så var han borte ei veke. Bore er heller ikkje så lett å få fatt i, og tida gjekk. - Men kvifor varsla du ikkje han straks då POT hadde teke datautstyret? - Eg tok vel for lett på det. I ettertid ser eg at det var tøvete og feil. Viksveen vart eit år tidlegare, i oktober 1998, avhøyrd over fleire timar av tre menn frå overvakingspolitiet. Avhøyret skjedde i boligen til den norske Brussel-ambas-sadøren. Viksveen informerte ikkje sjefredaktør Thor Bjarne Bore. Kvifor?

- Reflekterte ikkje Til dette svarar Viksveen Bergens Tidende: - Eg trudde først ikkje at det var eit avhøyr. Undervegs forsto eg at det var det. Det vart litt ubehageleg. Til å begynne med spurde dei om eg forsto kvifor dei ville snakke med meg. Til det svarte eg at eg rekna med at det var tida mi i Orientering (tidlegare avis for partiet SF). Etter kvart fortalde dei at ein Stasi-offiser hadde "belasta meg". Då vi var ferdige gav politijuristen som var med uttrykk for at han rekna med at det heile ville vere over med dette. Etter det reflekterte eg ikkje over om eg burde orientere sjefredaktøren, seier Viksveen.

"Cosmic Top Secret" Laurdag sa Viksveen til norske pressefolk i Paris at han aldri hadde høyrt om omgrepet, eller NATO-klassifiseringa "Cosmic Top Secret". Det er den strengaste NATO-klassifiseringa og var stadig nemnt til dømes under Treholt-saka. Denne klassifiseringa tør vere velkjend for dei fleste utanriksjournalistar, spesielt for dei som har hatt tilhald i Brussel og arbeidd overfor NATO, men også for svært mange andre som har vore nokre år i yrket. Noko heilt anna er å få tilgang til dokument med denne graderinga. Fleire observatører finn det påfallande når Viksveen seier han ikkje har kjennskap til eller høyrt om denne klassifiseringa. - Nei, eg har aldri høyrt om Cosmic Top Secret. Det er heilt sant, seier Viksveen. Bore for sin del må svare for at det gjekk over fire veker frå han 1. desember i fjor vart orientert om siktinga mot Viksveen og ransakinga av og beslaget på kontoret, til han 30. desember skreiv brev til POT og protesterte. Og han må svare for kvifor han tok avgjerda om ikkje å publisere. Og han må svare for at han ikkje orienterte sjefredaktørane i Bergens Tidende og i Adresseavisen som "deler" Viksveen som korrespondent i Brussel. Bore er for tida i utlandet og var i går ikkje tilgjengeleg for Bergens Tidende.