I april i år avslørte fagbladet «Journalisten» at det fanst noko som heitte «Visjons-gruppen». Det var ein «venegjeng» som hadde halde saman i 25 år i det løynde med jamnlege møte, foredrag, diskusjonar og middagar. Fleire gongar har dei vore på tur til NHO-president Jens Ulltveit-Moe si hytte på Geilo. I mai hadde gruppa tur til Toscana i Italia.

Journalist i godt lag

Alle så nær som ein av medlemene er solid planta i næringslivet. Den eine som ikkje er det, er derimot journalist, ingen tilfeldig journalist, men den mest profilerte politiske kommentatoren i Dagbladet, Gudleiv Forr. Han har leia kommentaravdelinga i Dagbladet i nær 20 år.

Forr uttala til «Journalisten» at han meinte at «Visjons-gruppen» ikkje hadde «noen som helst offentlig interesse».

Jahn Otto Johansen , som var ansvarleg redaktør i Dagbladet då Forr gjekk inn i «Visjons-gruppen», vart aldri orientert. Han reagerer med vantru:

— Dagbladet har i alle år med rette kritisert og raljert over frimureri. Dette er langt verre, seier Johansen i dag.

«Visjons-gruppen»

Medlemer i gruppa er desse: NHO-president Jens Ulltveit-Moe , tidlegare konsernsjef i Statoil, Harald Norvik, BI-professor Jørgen Randers , konserndirektør i Orkla, Halvor Stenstadvold, BA-HR-advokat Anders Eckhoff, tidlegare helseminister Tore Tønne , redaktør Gudleiv Forr , tidlegare generaldirektør i NSB, Kjeld Rimberg, og tidlegare direktør i Deminex, Ivar Tangen.

I fjor skreiv Forr fleire artiklar som støtta Røkke medan kampen om Kværner raste som verst. I same slengen vart også Jens Paludan Heyerdahl prisa i høge tonar. Heyerdahl og Røkke har i fleire år hatt kaninar saman. Saman torpederte dei i 1997 ein fusjon mellom Kreditkassen og Storebrand, med det resultat at Kreditkassen i dag er på svenske hender.

Fleire av dei øvrige medlemene i gruppa har kvar på sin måte markert seg i forhold til Kjell Inge Røkke . Det gjeld til dømes Jens Ulltveit-Moe.

Tønne i klisteret

Verst ute av «Visjons»-venene er tidlegare helseminister Tore Tønne. Han er teken i fleire løgner om sitt forhold til Røkke. Han blånekta for at han hadde hatt betalte oppdrag for Røkke inntil dokumentasjonen låg på bordet.

Oppdraget var sindig kamuflert ved hjelp av Røkke sine hoffadvokatar i BA-HR, har Dagbladet avslørt gjennom interne dokument frå advokatfirmaet. Dette har stilt advokatfirmaet i eit lite flatterande lys, for å seie det pent.

At Tønne etter avsløringa også må betale tilbake etterløn som statsråd som han urettmessig har fått utbetalt, gjer ikkje saka betre.

Odelstingspresident Ågot Valle meiner klart at Tønne bør meldast til politiet. Ho har fått støtte frå fleire juss-professorar.

Då han vart statsråd sa Tønne at han ikkje hadde stelt seg slik at han hadde problem med å gå kraftig ned i løn for å bli statsråd. Nå veit vi betre. Han hadde milliongjeld som han hadde problem med å betene. I vår måtte han låne tre millionar kroner av Røkke. Lånet vart gjeve utan avtale om rente og avdrag.

Kritisk korrupsjonsjegar

Korrupsjonsjegar Eva Joly uttalte seg svært kritisk om låneforholdet då ho torsdag var i Bergen.

Sidan er det avslørt at Tønne har hatt fleire oppdrag for Røkke. Mange er ikkje overraska over dette sidan Tønne gjekk til statsrådsjobben i Stoltenberg si regjering direkte frå direktørjobben i Røkke-selskapet Norway Seafoods.

Det høyrer med til historia at Tønne før dette, som sjef i Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond (SND), hadde investert i Norway Seafoods. Sidan har SND lege i krig med Røkke etter at han tvangsinnløyste aksjane for ein slikk og ingenting.

Ugild Tønne?

Spørsmålet om Tønne er ugild som nestleiar i styret for det Røkke-dominerte Kværner, er vurdert av ein av dei andre styremedlemene, advokat Anders Eckhoff. Han har ikkje funne grunn til å meine at Tønne er ugild.

Spørsmålet er om Eckhoff sjølv er gild når det gjeld å vurdere eit slikt spørsmål. Ikkje berre er han hoff-advokat for Røkke, han har også i 25 år vore «broder» av Tønne i «Visjons-gruppen». Han er også involvert i dekkoperasjonen som har kamuflert Tønne sine oppdrag for Røkke.

Børs-formannen teier

Aksjonærforeningen har kravd at Tønne må avvikle låneforholdet for å kunne halde fram i Kværner-styret. Men spørsmålet er om det er nok til å «reparere» inhabilitetsforholdet.

— Spørsmålet er kort og godt om ein kan ha tillit til at han er tilstrekkeleg uavhengig når bindingane er så tydelege, seier juss-professor Jan Fridtjof Bernt.

I går svinga Oslo Børs svøpa over bindingane mellom Tønne og Røkke som gjer at det blir stilt spørsmål ved styret i Kværner.

Men styreformannen ved Oslo børs hadde ingen kommentarar. Det var kanskje ikkje så rart sidan styreformannen heiter Harald Norvik og er felag med Tønne og Eckhoff i «Visjons-gruppen».

FORSYNTE SEG: Eks-helseminister Tore Tønne, medlem av vennegjengen «Visjons-gruppen». Nå etterforskes han av Økokrim.
Arkivfoto: Marianne Hansen