Vegar i distrikta og kollektivtransport i byane har gått som ein raud tråd gjennom seminaret Samferdsledepartementet har halde i Førde dei to siste dagane. Etter at seminaret var ferdig i går gjorde samferdsleminister Liv Signe Navarsete det klart kva ho ønskjer skal vere dei store linjene når Stortinget har vedteke den nasjonale transportplanen for 2010 til 2019:

— Vi må dreie politikken til å satse meir på vegbygginga i distrikta. I og rundt byane må vi prioritere satsing på jarnbane og andre kollektivtilbod, seier statsråden.

Vegprising

Tankegangen er at kollektivtransport aldri kan bli eit fullgodt alternativ for distrikts-Noreg. I byane skapar den store bilbruken alt store problem fordi den ureinar og er lite effektiv.

For å få ned bilbruken i byane, legg ikkje samferdsleministeren skjul på at ho er tilhengar av avgifter for å få redusert privatbilismen, det som blir kalla vegprising. Etter at det blei innført rushtidsavgift i Stockholm i fjor, forsvann 25 prosent av biltrafikken over natta. Tida innbyggjarane i den svenske hovudstaden brukte på å stå i bilkø, blei redusert med 40 prosent. Utsleppa av klimagassar i sentrumsområdet gjekk ned med bortimot 14 prosent. Forsøket var ein slik suksess at det har fått stor støtte mellom innbyggjarane, og blir innført permanent frå 1. august.

— Vi kan ikkje innføre liknande tiltak i norske byar, utan at det blir gjort tiltak for eit betre kollektivtilbod, seier Navarsete.

Betre vegar, betre miljø

I går presenterte SINTEF ein rapport som leiinga i departementet meiner talar som eit argument for å dreie politikken slik dei ønskjer. Forskingsinstitusjonen konkluderer med at betre vegar vil gje vesentlege reduksjonar i utslepp av klimagassar. Utsleppa av karbondioksid (CO2) vil gå ned med frå 11 til 38 prosent, alt etter kva type veg det er snakk om å utbetre. Utsleppa av CO og NOX og andre gassar vil bli meir enn halvert, anten det er ein dårleg to-felts veg som blir rusta opp eller ein motorveg nær ein av dei store byane.

— Betre vegstandard er god miljøpolitikk for den eksisterande trafikken, konkluderer seniorforskar Tore Knudsen. Han meiner det er vanskeleg å finne vitskaplege bevis på at betre vegar vil auke trafikken.

— Trafikkauke vil redusere effekten av betre vegar, men det er vanskeleg å finne dokumentasjon på at det vil skje.

Ut med gamle bilar

Sintefforskaren meiner også effekten vil vere stor av å skifte ut gamle bilar.

— Norge har Europas eldste bilpark. Raskare utskifting av norske bilar vil ha god effekt på miljøet, seier Knudsen.

— Men om folk skal skifte bil oftare, vil det gje større bilproduksjon. Er det undersøkt korleis auka bilproduksjon vil påverke miljøet?

— Det er granskingar som viser at ein ny bil hentar inn att utsleppa frå produksjonen på frå to til tre år, svarar Knudsen.

FOKUS PÅ MILJØ: Nesten tre fjerdedelar av klimagassutsleppa i norsk transportsektor kjem frå vegane. Mellom tiltaka samferdsleminister Liv Signe Navarsete varsla på seminaret i Førde, er eit system med miljømerking av bilar.
oddleiv apneseth