Dette skjer etter det Bergens Tidende har grunn til å tru ved at staten ikkje berre tilbakebetaler momsen på tenester organisasjonane kjøper, men også på varer.

Så når det lokale hjelpekorpset oi framtida kjøper seg ny snøscooter, får dei tilbake 25 prosent av kjøpesummen.

Den nye momsordninga skal framleggast på ein pressekonferanse i Oslo tysdag ettermiddag av statsrådtrioen Trond Giske, Liv Signe Navarsete og Kristin Halvorsen. Til stades blir også president Tove Paule i Norges Idrettsforbund og generalsekretær Birgitte Brekke i Frivillighet Norge.

Ordninga med momskompensasjon blir i dag administrert av Lotteri— og Stiftelsestilsynet i Førde.

I fjor fekk 433 frivillige organisasjonar tilbakebetalt til saman 181.606.237 kroner i momskompensasjon for kjøp av tenester. Når regjeringa no foreslår at ordninga også skal gjelde varer, vil dei framtidige utbetalingane til organisasjonane venteleg bli omkring femdobla.

Pressekonferansen i Oslo startar klokka 16.15 i dag.

Erlend L. Haugen